Gyda og Tor har to ungar i reiret

På den litt regntunge morgonen 18. juni vart det lagt ut på ny havørnsafari. Regnbygene forsvann ganske så fort, og det vart ein flott lang dag med blank fjord, fisking og tre havørnpar. I tillegg er det ein bonusfugl sist i bloggen. Det var lite fisk att i fryseren, så det vart først å aktivere fiskestengene. Med mykje fisk på ekkoloddet, så gjekk det ikkje lang tid før vi kunne setje kursen mot det første havørnparet Gyda og Tor. Dette nyoppdaga havørnparet som vart presentert første gang i denne bloggen.

Å vere naturfotograf er eit stort privilegium. Min kjære Olympus får meg ut i naturen, i tillegg til å forlenge naturopplevinga gjennom bilderedigeringa i etterkant. Da kan det dukke opp detaljar i motivet som eg ikkje har registrert i felten. Det skjedde på denne turen. Observasjon frå båten kunne først fastslå at det var ein unge i reiret. Det stemte ikkje. I gjennomgangen av bildene på Mac`en i etterkant viste det seg at det er to ungar i reiret. Dobbel lykke! Ikkje rart at Gyda og Tor er travle med å hente mat til ungane sine.

Det er både ein skreven og uskreven regel blant naturfotografar å ikkje publisere reirfoto. Det er ein fotopolitikk eg kan slutte meg til, og eg vil difor ikkje dele nokre av desse på bloggen, sjølv om det er fristande og har potensialet til å vise publikum enno fleire sider av denne imponerande fuglen. Desse to ungane er allereie blitt store, den eine litt mørkare i fjørdrakta enn den andre. Biofoto, der eg er medlem, har gode etiske retningsliner for naturfotografar. Reirfotografering er eitt av punkta der. Eg er elles invitert til å vise havørnfoto i Kyrkjestova Fredheim 24. november. Da kan det vere eg tar med nokre reirfoto som døme på miljøet havørnene har rundt seg. Meir informasjon om arrangementet kjem seinare, men merk gjerne av datoen i kalendaren alt no.

Fotokollega Tore Idsøe og eg hadde heile dagen for oss, og vi rakk difor og innom Gunda og Otto, samt Gudrun og Ottar. Både Gunda og Otto kom og henta kvar sin fisk til ungen i reiret. Tilsvarande henta Gudrun og Ottar kvar sin, men berre til seg sjølv. Det er rimeleg klart at det ikkje er hekking hos dei i år.

Alle foto som vanleg med Olympus OM-1 og det mest brukte fugleobjektivet m.Zuiko 300mm f/4 Pro.

Gyda ga gass med ein gong. Det er travelt å fø på to store ungar. Fint å få havørna i morgonlyset.

Sjøstøtt og sikkert nedslag igjen.

Tor sin tur å sikte seg inn på fangsten.

Tor nærmar seg målet.

Vellukka opptak av Tor. Den gjekk rett til reiret.

Gudrun og Otto var så neste mål på turen.

10-årsjubilanten Otto i prima fangstpositur.

Otto fekk tak i palen med venstre kloa, her i ferd med å sjekke fangsten og feste høgre klo for vidare flukt.

Gunda forlet reiret og tok sin tørn med å hente opp ungemat.

Så vidare til Gudrun og Ottar. Ottar flaug ut til båten med ein gong, tydeleg svolten.

Ottar som vanleg elegant i nedflygingsfasen.

Godt å sjå at fangsten vart vellukka for Ottar.

Litt usikker på om dette er Gudrun. Uansett full konsentrasjon i fangstopptaket.

Miljøfoto av Gudrun. Dessverre ikkje på veg til reiret med fisk.

På ettermiddagen gjekk turen tilbake til Gyda og Tor.

Ikkje alltid like enkelt å finne ei havørn, men her sit Tor delvis skjult i furutrèet.

Tor strekar med vingetuppen i sjøen. Det er mykje å passe på når ei havørn skal hente fisk frå sjøen den ikkje kan lande i.

Makrelltedner

Fire makrelltedner viste seg da vi gjorde opp den siste fisken som var fra frysaren. Den ville sannsynlegvis berre synke likevel. Da vart det høve for tednefotografering, ei svært vanskeleg fototeknisk øving med dei ekstremt raske retningsendringane denne fuglen kan varte opp med. Her er likevel tre foto eg er godt fornøgd med. Dei måtte konkurrere hardt med både fiskemåser og svartbakar om matfatet, men klarte å få tak i småbitar i overflata. Etter mange år vekke frå kystlandskapet, er det like kjekt å sjå den att dei siste tre-fire åra.

Ein ekstrem og imponerande luftakrobat!

Takk for at du leste bloggen!

Legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor.

Neste blogg er ikkje lenge unna.

Forrige
Forrige

Når batteriet går tomt

Neste
Neste

Møte med det nye havørnparet Gyda og Tor