Havørntur 30. april 2026
Siste dag og torsdag i april vart det endeleg dags for å ta båten ut på havørnsafari. På veg til langhelg på hytta, fredag 1. mai må vite, vart det ein ettermiddagstur til Gunda og Otto og Gyda og Tor. Begge har ungar i sine respektive reir, og det var med forventning eg først nærma meg Gunda og Otto.
Otto i farta
Det varte ikkje lenge før eg ser Otto flyttar seg opp på ei grein rett over reiret. Der sat han ikkje lenge før han flaug ut mot båten og tok ein runde for å sjekke fiskekassa. For å unngå for store bølgjer flytta eg meg rundt eit nes og kunne observere at Otto hadde landa i ein tretopp ikkje langt frå reiret. Eg heiv så den første fisken uti, og han reagerte med ein gong. Det gjekk så fort at eg gløymde å krysse av eitt av dei viktigaste sjekkpunkta i havørnguiden min - ALLTID sjekke kamerainnstillingane før fisken går i sjøen. Eg hadde difor ikkje stilt inn på standard SH2 med 25 b/s. 15 b/s gjorde likevel jobben, og eg fekk ein fin første serie.
Otto er forresten 12 år i år. Her kan du lese bloggen som var ein hyllest til 10-årsjubilanten i 2024.
Ein konsentrert 12-åring.
Like før nedslag.
Eit perfekt nedslag.
Dobbeltfeste på fisken sikrar eit godt fiskeresultat.
Otto var vekke nokre minutt, men viste seg etter kvart klar til nytt fiskeopptak. Det gjekk med optimale kamerainnstillingar, og eg fekk ein optimal bildeserie med Otto så og seie rett i mot. Det varme kveldslyset i 18:30-tida bidrog og til stemninga i bildene.
Otto siktar seg inn på fangst nummer to. I bildeserien nedanfor kan du følgje flukten meir i detalj. Trykk på det første bildet og klikk deg gjennom resten.
Tor ute av fisketrening?
Hos Gunda og Tor kunne eg observere at Gunda låg fint på reiret. Tor var ikkje å sjå i motlyset frå ei låg kveldssol. Han viste seg likevel raskt da eg prøveheiv uti den første fisken. I fin glideflukt hadde eg han klart og godt i kamerasiktet med flat og fin sjø. Stor var derfor overraskinga da han bomma på første forsøket. Ein smule forfjamsa letta han, snudde seg og prøvde ein gong til. Merkeleg nok stoppa han opp eit stykke over sjøen, steig og snudde på nytt før han på det tredje forsøket lukkast å hente opp matfisken.
Med tre forsøk gjekk bufferen i kameraet etter kvart tomt. Kapasiteten er 95 bilete, og her kunne eg minst dobla dette. Likevel fekk eg ein god bildefangst som er samla i galleriet nedanfor.
Tor glir ned i fase 2, tilsynelatande med full kontroll. I fotoserien nedanfor kan du studere det første mislukka forsøket.
Ein lettare forfjamsa Tor innser bommen, og stoppar nesten opp i lufta før han gjer forsøk nummer to og tre i fotoserien nedanfor.
Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor, og velkomen til neste blogg. Den handlar om havørnsafarien 1. mai.