Kveldstreff med havørnene Tor og Ottar

På ettermiddagen torsdag 28. mai vart det ein spontan båttur med eit lite ærend til hytta. Med sol og godt vèr vart turen sjølvsagt forlenga der eg rakk ein tur innom Tor og Ottar sine revir. Det har vore nokså lite sol og godt vèr i vår. Ein tur på fjorden var derfor fristande, i tillegg til at det er den raskaste vegen til hytta. Med sein solnedgang var det og eit godt høve for å trimme kameraet igjen.

Alle foto med Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 IS PRO.

Hos Tor og Gyda

På fiskeplassen ved Tor og Gyda observerte eg at Tor sat ute på neset og følgde med meg. Der klarte han å sitje i om lag 10 minutt før han letta og sette kursen mot båten. Der tok han ein god sving rundt båten, nett som for å fortelje at “eg er her” og klar for å hente fisk. Med fisk i kassen følgde eg etter han, og han kunne hente den første palen. Seinare kom han og henta to til. Det var eit fint havørntreff i fint og varmt litt seint ettermiddagslys.

Tor fekk valuta for å ta ein runde rundt båten. Sjøstøtt nedslag for han her!

Tor på veg til reiret med den første palen.

Nærare reiret var det klart for andre fiskekast. Med Gyda i reiret med to ungar let han seg ikkje be to gonger.

Såvidt bakre klo treff sjøflata.

Han steig ganske så bratt opp før han tok ein kikk på fangsten.

Ein tredje pale vart henta opp for kvelden. Legg merke til at høgre vingespissar strekar i sjøen i høgresvingen.

Hos Ottar og Gudrun

Med det vellukka treffet hos Gudrun og Ottar på 17. mai, var det med forventning eg bestemte meg for å fortsetje til dette paret. Kveldssola var i ferd med å forsvinne bak grå skyer på veg nordover. Det vart likevel ei lysopning akkurat lenge nok til at eg fekk det skikkeleg varme lyset i halv ni-tida.

Gudrun låg framleis støtt i reiret, og rikka seg ikkje på første fiskekast. Ottar var heller ikkje synleg i lendet, men letta brått nærare sjøen. Det viste seg at han allereie hadde ein makrell i eine kloa. I den andre følgde det med ein god mosedott frå der han sat. Det er første gang eg ha sett at ei havørn har ein annan fisk i klørne enn det den har fått frå oss. Han leverte makrellen i reiret, og var straks klar til å hente ny, utan å mellomstoppe i eit tre. Det er veldig artig når han og andre kjem rett ut frå reiret etter meir fisk, nesten ein litt ny trend i år.

Ottar lettar med makrell og mosedott på veg opp til reiret med Gudrun og ungen.

Sånn ser det ut når Ottar kjem rett frå reiret til båten. Da blir det litt hektisk ombord, der ein ikkje rekk å få nok avstand mellom båten og nedslaget. Det gir likevel fine høve for nærfoto, som vist nedanfor.

Ottar sine skarpe auge siktar seg inn på fiskebyttet.

Ottar fyller søkaren og vi kan studere detaljane hans nærare.

Ottar i nedre høgre hjørnet av søkaren. Det kan bli eit presentabelt bilde av dette og!

Sjøstøtt nedslag og god fangst igjen for Ottar.

Her fekk eg han såvidt innafor bildeutsnittet til 300mm.

Stilstudium av Ottar på veg opp, igjen fyller søkaren veldig fint.

Ottar poserer fint i flott kveldslys.

Passerer båten med nokre få meters avstand. Det er igjen veldig stas å vere så nær desse fantastiske rovfuglane.

Takk for at du leste bloggen. Velkomen tilbake, og legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor.

Forrige
Forrige

Maratontur på fjorden, og havørnparet Adam og Eva* er tilbake

Neste
Neste

Det første møtet med havørna Ottar - 29. mai 2023