Havørnliv i slutten av august
Ein lange og to flotte torskar. Torsken går fort for 500 kr stykket i fiskebutikken på Leirvik, så desse vart ikkje havørnmat!
Søndag 23. august markerte den fjerde havørnsafarien i august. Det vart til slutt ein femtimars tur på fjorden, med fisking og innom tre havørnlokalitetar. Tore Idsøe stilte opp igjen, og sørga for flest fisk denne dagen. Solid mannskap, med andre ord!
Vèrmeldinga meldte litt rolegare sjø og vind enn faktisk opplevd på morgonen, og stille fjord slo ikkje til før vi sette kursen mot land i 13-tida. Likevel vart det gode havørnmøte, særleg hos Sonja og Harald. Før det var vi innom Gyda og Tor. Der var det berre ein av ungane som sat i eit tre og observerte oss i båten. Dei vaksne var på søndagsutflukt ein eller annan plass. Turen gjekk så vidare til Gunda og Otto. Dei har to ungar, men denne gongen var det berre Otto som viste seg og henta fisk. Den eine ungen kunne vi sannsynlegvis lokalisere til reiret.
Hos Sonja og Harald var det ikkje havørnliv å sjå da båten fall til ro i området. Vi gjekk litt fram og tilbake, låg så i ro og brukte tida til å fiske. Nytt av fiske var at Tore fekk opp to mindre lange. Eit par solide torskar krydra og fiskekassen. All fisken (minus torsken) kom til nytte da det brått dukka opp ei havørn, og etter kvart ei til. Stor jubel i båten! Den eine havørnungen viste seg og. Den andre ungen var tilsynelatande eit godt stykke unna, og den eine foreldra tok seg tid og krefter til å frakte eit par fiskar til denne og. Begge to var ivrige, og kom gjerne samstundes for å hente fisk. Eit litt nytt syn var det å sjå den litt tynne langen henge under ei havørn.
Alle foto med OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 IS PRO.
Klikk på foto for å forstørre på skjermen.
På veg ut av båthamna passerte vi nokre gråhegrer som vagla seg opp i trea. Det er ikkje så ofte ein ser, så her vart det å stoppe båten og hente fram kameraet med 300mm.
Hos Gyda og Tor
Det var berre den eine ungen til Gyda og Tor som var synleg i territoriet deira. Ungen sat i ro og følgde med oss i båten.
Otto ville gjerne ha fisk
Otto i kjent profil. Vi har hatt mange gode fiske- og fotostunder med denne karen.
Stilfoto av Otto under innflyging i fase 2.
Otto i full konsentrasjon…
… og hentar opp nok ein pale til ungane sine.
Hos Sonja og Harald
Harald henta opp ein av dei første fiskane. Fin profil av han her i oppstigningsfase 3.
Ungen kom raskt flygande, men Sonja stakk av og leverte fisken eit stykke lengre vekke.
Her kjem ungen etter…
…og tok seg sin sving før den landa ved den serverte fisken.
Ungen sat ei lita stund, før den letta og forsvann ut av syne med fisken i klørne. Greitt med litt matro.
Stilstudium av Sonja som knekk ned i fase 2.
Sonja lengre nede i fase 2. Her går det unna!
Stødig og sikkert fiskeopptak av Sonja her.
Her kom begge to samstundes for å hente opp fisk. Dette paret er litt vanskeleg å skilje, men eg trur Harald er til venstre og da Sonja til høgre. Synes Sonja er større med litt mørkare fjørdrakt rundt hovudet og brystregionen.
Sonja hentar opp ei lange med venstre fot.
Sonja med ei lang lange!
Det er skarpe ørneauge som følgjer med på kva som skjer rundt båten.
Sonja i litt motlys gjer seg bra og.
Litt problem med å få plassert venstre vinge mot den bøygde furustammen.
Her sat ho lenge og berre observerte oss. Maken var avgarde til den andre ungen.
Takk for at du leste bloggen. Skriv gjerne ein kommentar nedanfor. Velkomen til neste blogg!