Adventskalendar 17. desember 2020

Morgonflukt

Det fine med å sitje på fotopost med kameraet er å vente på aktivitetar som passerande fuglar måtte finne på. Gråhegren er tidvis flink til å finne på passande flyruter og landingsplassar for ein ventande fotograf, slik som denne i slutten av september. Gråhegrene flyr med ujamne mellomrom mellom fiskeplassane i Sævarhagsvikjo og hekkeplassen på andre sida av småbåthamna like ved. Store fuglar gjer det litt enklare for følgefokusen å følgje med i flukt. Når i tillegg morgonsola lyser opp vengetuppane, er biletet funne verdig ein plass i dagens fotoluke.

1/1250, f/4,5, ISO 250

1/1250, f/4,5, ISO 250

Forrige
Forrige

Adventskalendar 18. desember 202

Neste
Neste

Adventskalendar 16. desember 2020