Foto: Tore Idsøe
Om meg / About me
Eg er ein amatørfotograf busett på Stord i Sunnhordland, oppvaksen på Sotra utafor Bergen. Eg fekk mitt første kamera som 14-åring da fotografering handla om filmrull og framkalling i mørkerom og fotolaboratorium. I den digitale tidsalder har fotografering aldri vore meir spennande og morosamt, både i felten og med fotoredigering.
Som hobbyfotograf har eg mest fokus på landskap og fuglar/dyr, men tar bilete av det eg elles kjem over av makro og anna dyreliv.
Med lang erfaring og interesse for fotografering har eg opparbeidd eit naturleg auge for motiv og komposisjon. Målet med denne fotosida er å få dele nokre av dei fotografia eg liker og kan stå inne for.
I am an amateur photographer based on Stord in the Sunnhordland region of western Norway, originally from Sotra, just outside Bergen. I received my first camera at the age of 14, back when photography involved film rolls, darkrooms, and photo labs. In the digital age, photography has never been more exciting and enjoyable, both in the field and during the editing process.
As a hobby photographer, I mainly focus on landscapes and birds/wildlife, but I also enjoy photographing macro subjects and whatever other wildlife I come across.
With many years of experience and a strong passion for photography, I have developed a natural eye for subjects and composition. The aim of this website is to share some of the photographs that I am most pleased with and proud to present.
Ønskjer du å kjøpe bilete? Eg kan lage utskrifter på storleik opp til A3+. For større storleikar vil eg bruke Print og Ramme på Leirvik. Sjå PRISLISTE.
Medlem av Biofoto og tilslutta Biofoto Hordaland.
Copyright alle foto/all photos: Svein Andersland
Bruk av fotografi berre etter avtale/Use of pictures only when approved.
Mi gamle fotoside: http://www.sandersland.wordpress.com
Instagram: https://www.instagram.com/svandersland