PRISLISTE 2024

Det er veldig hyggeleg om du vil kjøpe eit av mine fotografi, anten det er landskap, makro, fugl eller dyr. Fotografi gjer seg best på veggen med god innramming. Kvifor ikkje henge opp eit lokalt motiv i heimen, eller på arbeidsplassen?

Min Epson Surecolor P600 blekkskrivar skriv ut profesjonelle fotoutskrifter opp til A3+. For kunstpapir (matt) bruker eg papir frå Canson og Hahnemühle. For glansa papir har Epson gode alternativ. For større format enn A3+ vili eg gjerne bruke min lokale butikk Print & Ramme på Leirvik, Stord. Dei er profesjonelle på utskrift og innramming, og har konkurransedyktige prisar i forhold til f.eks. Japan Photo XXL og andre tilsvarande nettbutikkar.

  • 20x25 cm: NOK 1000,-

  • 30x40 cm: NOK 1500,-

  • 40x60 cm: NOK 2000,-

For kvart bilde følgjer det med eit signert dokumentasjonsskriv som inneheld dato, teknisk opptaksinformasjon og historia bak bildet.

Eg gir som hovudregel ikkje frå meg digitale filer, med mindre produksjon av utskrift er avtalt på annan måte enn over.

Prisane er sett på grunnlag av:

  • Tid brukt til opptaket i felt

  • Tid brukt til etterbehandling i Lightroom mm

  • Tid brukt til prosessering for utskrift, inkludert driftskostnader for skrivar og papir

Bruk gjerne skjemaet nedanfor for å ta kontakt.