Adventskalendar 1. desember 2020

Lysfest i vest

På Facebook har eg hatt gåande ein adventskalendar dei to siste åra. Den blir lagt ut i år og, men der kalendaren blir publisert parallelt her på bloggen. I år er det hovudsakleg lokale og kortreiste foto som er lagt inn i fotolukene. Kortreist og lokalt går godt i hop med det stakkars året 2020, slik det har utvikla seg sidan 12. mars her i landet. Motiva vil veksle mellom landskaps- og fuglefoto, sånn ca annakvar adventsdag. 

Den første fotoluka er eit landskapsfoto frå Låklinuten på Bjoa, Vindafjord. Det vart tatt 6. oktober i haustferien, der det på vegen opp til toppen skuffande nok ikkje såg ut til å kunne bli kveldssolfylte skyar mot aust og nord. Vel framme på toppen var den positive overraskinga at kveldslyset spelte opp til lysfest i vest, med klar sikt til havet. Solstrålene hadde vunne over det grå skylaget, og motivet var i boks. Min fotoregel nr 1 slo og til igjen, at det som oftast alltid skjer noko anna enn det ein har planlagt for.

Frå Låklinuten, Bjoa - 1/100s, f/6,3, ISO 400

Frå Låklinuten, Bjoa - 1/100s, f/6,3, ISO 400

Forrige
Forrige

Adventskalendar 2. desember 2020

Neste
Neste

Kortnebbgås og heilo 9. oktober 2020