Fototur til Dovre med Biofoto Hordaland

16.-19. desember var eg med Biofoto Hordaland til Dovre for å fotografere moskus og elg, med vekt på moskus. Dette var min første fototur i lag med andre naturfotografar. Med i bilen hadde eg fotokollega Kristian Nicholls frå Print og Ramme på Stord, kjekt med selskap på bilturen.

Møteplass for 12 deltakarar var Hjerkinn Fjellstue. Turen var kyndig leia av Anders Lundberg, mangeårig leiar av Biofoto Hordaland. Dei fleste var erfarne med slike turar frå før, men tre av oss var med for første gong.

Fredagen fann vi raskt ein moskusflokk på 11 dyr, berre ein halvtimes gåtur frå E6. Denne observerte og fotograferte vi i fleire timar. Det var fint å følgje dyra som tok det med ro og beita. Ein ungokse i randsonen av flokken vart forsøkt jaga eit par gonger av sjefsoksen i flokken. Fleire kyr og kalvar ga gode høve for varierte motiv. Vèret var overskya, med tendens til kald vind, difor godt med ekstra klede i sekken.

Andre dagen gjekk vi innover mot Grytdalen. Her fann vi etter ei god vandring ein liten flokk, som etterkvart poserte flott med Svånåtindan i bakgrunnen, rett vest for Snøhetta. Eit flott syn. Mykje same vèret denne dagen og. Begge dagar var utan ein regndrope. Det set vestlendingane pris på.

Både fredag og laurdag var det og tidleg opp for elgsafari langs E6 retning sørover mot Fokstumyra. Elg var å sjå, men sjølv fekk eg ikkje blinkskotet av elgen som symde i vatnet og steig opp på land på andre sida. Fekk elles litt assosiasjonar til safariane i Tanzania, mangla berre savannedyra og brumminga frå dieselmotoren til Landcruiser`en.

Nedanfor er nokre fotoglimt frå turen. Eg brukte mitt Olympus OM-D E-M1X og 300mm f/4 PRO. Hadde og 12-40mm f/2,8 PRO og 40-150mm f/2,8 PRO med i sekken. 300mm stod stort sett fast på kameraet. Reservekameraet E-M1 II vart liggjande ubrukt.

Her er ein kort rapport på Biofoto sin nye heimeside: https://www.biofoto-hordaland.no/2021/10/03/dovre/

Forrige
Forrige

Runde i juli

Neste
Neste

Fotodagbok 13. mars 2021 - Lang lukkertid 2