Havørnmøte 22. mai 2022

Søndag 22. mai var det igjen tid for å sjå etter havørna, same plass som før. Vi trengte ikkje å vente lenge da vi kom fram i halv ni-tida. Havørna var på plass, og det var berre å få ut fiskesnøra og få opp fisk så fort som mogleg. Det var fjørande sjø, så tok litt tid før første fisken vart landa. Vi valde å hive ut fiskane etter kvart, og ikkje vente for lenge med å hive ut. Ørna kom villeg vekk, og som det går fram nedanfor, med besøk av både kråke og svartbak. Kråka satte seg nesten på ryggen til havørna, og svartbaken fekk havørna til å snu seg i lufta. Det siste er første gang eg har sett av denne ørna.

Alle foto er tatt med Olympus OM-D E-M1X med m.Zuiko 300mm f/4 Pro. I tillegg telekonverter 1,4 på stasjonære foto av havørna i furutoppen. Det gir 420mm, eller 840mm i fullformat = god grunn til å bruke Olympus og Micro Four Thirds, ikkje minst når ein må fotografere handhaldt frå ein båt.

Kråka følgde havørna med ein gong ho letta for å hente fisk. Det vart nesten landing i lufta, men som du ser på dei neste bileta, så tillet ikkje havørna det.

Kråka bit faktisk i halen til havørna her!

Kråka har foten på bakparten til havørna.

Her kom vi ganske så tett på, ca 40-50 meter frå båten. Furutoppen bøyde seg fint for ørna.

Kråka var svært så innpåsliten og kom så nær den kunne.

Kom deg vekk!

Viftar med vengene og skrik eit nokså tynt skrik for å halde kråka vekke.

Ei imponerande skapning.

Mykje stupbombing frå svartbaken.

Det gjeld å ha auge i nakken (1)

Det gjeld å ha auge i nakken (2)

Svartbaken er nokså nær her.

Når ørna knekk ned i stupet er det særleg vanskeleg å halde ho i kamerasiktet.

Presisjonsflyging og perfekt timing på gang.

Eitt stk lyr på veg til svoltne ungar i reiret.

Baksar litt før ho stig oppover. Flott syn!

Forrige
Forrige

Havørnmøte 30. mai 2022

Neste
Neste

Havørnmøte 8. mai 2022