Foredrag

Ønskjer du eit fordrag om naturfotografering?

Ta kontakt om du vil ha ei fotoreise om landskap eller fuglar.

Tema, tidsbruk og eventuell pris blir vi samde om.

Landskap i Sunnhordland

Eg har i fleire år tatt med kamera og stativ til ulike plassar i Sunnhordland.

Å fange lyset i landskapet handlar om å vere på rett plass til rett tid. Om og om igjen.

Sunnhordland er svært fotogent, og dette foredraget tar deg med på ei fotoreise til ulike plassar til ulike årstider, frå nærfoto til det store landskapet.

frå fuglekonge til havørn

Sunnhordland har eit rikt fugleliv, frå vår minste til vår største fugl - fuglekongen til havørna.

Havørna er ein flott og fascinerande rovfugl som ein kan sjå seglande over dei sunnhordlandske øyar og fjordar. Sævarhagsvikjo, Rimbareidtjørna og andre lokale vatn er viktige matstasjonar for mange trekkfuglar. Blant skog og elvar finn ein småfuglar, litt større fuglar og ikkje minst fossekallen. Øyane i fjordlandskapet er ynda hekkeplass for blant anna teist og grågås.