Frå havørn i Sunnhordland til havhest på Svalbard
Tidlegare i år fekk eg ein hyggeleg invitasjon til å halde fotoforedrag på sundagskaffien 24. november i Kyrkjestova Fredheim (kyrkjelydshuset til Stord kyrkje). Utgangspunktet var å fokusere på havørn, som har vore mitt hovudprosjekt dei siste tre åra. Etter kvart vart foredraget utvida til anna fugleliv på Stord og i Sunnhordland, med særleg fokus på superlokaliteten Sævarhagsvikjo og Hovaneset. I siste fase av førebuingane til foredraget vart også lunde på Runde, moskus på Dovrefjell og dyreliv på Svalbard inkludert. Turane til Dovrefjell og Svalbard var i regi av Biofoto Hordaland.
Tittelen på foredraget vart til slutt: Frå havørn i Sunnhordland til havhest på Svalbard.
Det vart fullt hus i Kyrkjestova med eit lydhørt og interessert publikum på heile 77 frammøtte. Med positiv respons på både innhald og framføring, så vart det ein fin opptur, ikkje minst med utgangspunkt i at det var mykje arbeid med å førebu foredraget. Det gode frammøtet viser at naturfoto er populært hos nordmenn. Sjølv var det nesten som å gå tilbake til det gode gamle lysbildeforedraget før vi vart digitale.
Ei stor utfordring var å lande kor mange fotografi som skulle vere med innafor avtalt tidsramme. Prosessen med utvelging av tema og fotografi var nyttig, men og vanskeleg. Kvifor skal nett dette bildet vere med? Er det ei historie som er interessant for publikum? Er det ein raud tråd i foredraget? Korleis best sikre variasjon og halde merksamda til publikum? Det vart mange timar med å jobbe ut gode svar og løysingar på desse og andre spørsmål.
Etter mange år som naturfotograf er det mykje å ta av i fotoarkivet, både fugl, dyr og landskap (tips: sjå eksempel i fotogalleria mine). Ta gjerne kontakt om ditt lag, foreining, organisasjon, konferanse, bedrift etc er interessert i eit tilpassa fotoforedrag.
Nedanfor er det vist nokre av hovudavsnitta i foredraget.