Kveldstur til Stovegolvet

Fredagskveld og klar for fototur til Stovegolvet. Starta ut kl 2000 frå Tyse kraftstasjon, opp Tyseskaret til Stovegolvet. Vidare frå Stovegolvet til Kvelve, ned Fossabrekko og tilbake til bilen. Det vart ein lengre tur, som vart avslutta ved bilen kl 0040. Da var det framleist lyst nok, slik det er midtsommars med skyfri himmel. Ein skyfri himmel er ikkje ideelt for landskapsfotografering, som var utgangspunktet for turen. Det vart likevel nokre alternative motiv som er presentert nedanfor. Artig med første foto av Heilo. I tillegg var det tre padder på veg ned skjerpatrappene i Fossabrekka, og fire hjortar på heimvegen. 

Brukte dagstursekken for foto, med OM-D E-M1 II, 12-40mm f/2,8 og 40-150mm f/2,8. I tillegg tok eg med stativet, og fann ein ny og praktisk måte å feste den til sekken. Det var ein del vind frå nordvest. Det gjorde at det vart litt kjøligare enn eg hadde rekna med. Heime var det 23 grader, men skulle hatt med den langarma ulltrøya i tillegg til vindjakka. Det gjorde at eg ikkje sat på Stovegolvet til solnedgang kl 23:03, men fekk da og tid til å stoppe for andre motiv på vegen vidare. Turen tok totalt 4 timar og 40 minutt, noko som gjorde godt for kroppen (var i faretruande dårleg form opp Tyseskaret).  

Nedanfor er ein kort fotorapport frå turen. Trykk på foto for å forstørre. 


#1 Vindmølle i solnedgang
Frå varden på Stovegolvet. På veg opp Tyseskaret kunne det sjå ut som om havtåka var på veg innover. Den vart dessverre liggjande over dei ytterste øyane, og da var dette det beste eg kunne få ut av solnedgangen. Den sørlegaste vindmølla i mølleparken i Fitjar stakk seg fint ut, så tittelen på biletet må bli "Vindmølle i solnedgang". 

Olympus OM-D E-M1 II, Olympus M.Zuiko 40-150mm f/2,8 PRO.
1/800 s, f/6,3, ISO 200, stativ, kL 21:58. 


#2 Heilo med Folgefonna i bakgrunnen
På vegen frå Stovegolvet til Kvelve satte ein fin Heilo seg i fin fotoposisjon. Fekk posisjonert meg med Folgefonna i bakgrunnen.

Olympus OM-D E-M1 II, Olympus M.Zuiko 40-150mm f/2,8 PRO.
1/200 s, f/4,5, ISO 1250, handhaldt. Kl 23:00. 


#3 Etter solnedgang
Tok ein stopp på toppen av Fossabrekko, ved varden. Ein skyfri dag og kveld er i utgangspunktet ikkje ideell for landskapsfotografering, men etter solnedgang (her kl 23:03) kan fargespelet på austhimmelen kompensere for manglande skyar. Her er utsikt mot Leirvik med karakteristiske Borgundøy som peikar mot Bjoalandet. Vi ser og fjordkrysset for Langenuen, Ytre Hardangerfjord, Klosterfjorden, Bjoafjorden og Ålfjorden. Eit vakkert skue. 

Olympus OM-D E-M1 II, Olympus M.Zuiko 12-40mm f/2,8 PRO.
1/8 s, f/6,3, ISO 200, stativ. Kl 23:18. 


#4 Måne over Kvinnherad
På veg ned Fossabrekka klaffa det med å vente ca 10 minutt på at månen skulle kome opp over kvinnheradsfjella. Hadde kontroll på månen via appen The Photographers Ephemeris, som viser klokkeslett for når månen kjem over horisonten samt himmelretning. I kveld skulle månen stå opp kl 23:37, og fire minutt etterpå kom den over fjellhorisonten. Da var det å rigge stativet i full fart, cirka midt i Fossabrekko. Veldig praktisk å setje stativet på flat skjerpatrapp.

Olympus OM-D E-M1 II, Olympus M.Zuiko 40-150mm f/2,8 PRO.
1/15 s, f/5, ISO 640, stativ. Kl 23:43. 


Forrige
Forrige

Når havet koker, er det heilt greitt å stå på land

Neste
Neste

Ny fotoside!