Når havet koker, er det heilt greitt å stå på land

Laurdag 23. mars gjekk fototuren til Golta sør på Sotra. Med stiv kuling og heftig sjø skulle det vere gode forhold for dramatiske bilete med brottsjø som slår innover båene og land heilt vest i havgapet. Golta er ein ein av få plassar ein raskt kan kome ut og oppleve storhavet, ti minutt til fots frå den lille parkeringsplassen.

Det kom inn ei heftig regnbyge da eg parkerte bilen. Med vinden rett inn frå vest var det ikkje mange gradar om å gjere at det regna vassrett. Regnbyga glei over, og med fornya solskinn kunne eg gå den korte turen ut til ein av mine favorittplassar frå ungdomstida. Brukte 40-150mm f/2,8 PRO, med god støtte i vinden med batterigrepet til min Olympus OM-D E-M1 II. Veldig praktisk og greitt å ha fotoutstyr som toler hardt vèr, og som kan skyllast etterpå under springen for å få vekk saltvatnet.

Det vart avfyrt mange fotoseriar. Nedanfor er eit utval.


Forrige
Forrige

Fuglar i Sævarhagsvikjo

Neste
Neste

Kveldstur til Stovegolvet