Fuglar i Sævarhagsvikjo

I vår har det gått ein del i fuglefotografering. Starta i påskeveka med fleire fine tidlege morgonøkter med båten i Bjoafjorden og rundt Ilholmane (kjem ein blogg om desse dagane og). I april-mai har eg og hatt fleire fine ettermiddagar i Sævarhagsvikjo. Her er det eit rikt fugleliv. Kor rikt det eigentleg er fekk eg erfare på tur laurdag 11. mai med erfarne og høgst kunnskapsrike medlemer av Sunnhordland Ornitologiske Forening. Vart invitert med av Tor Helge Heggland, etter å ha treft han tilfeldig helga før. Denne organiserte fugleturen starta kl 0900, og etter tre timar hadde dei seks i gruppa observert (sett og høyrt) heile 32 ulike fugleartar. For eigen del er svartkråke, gluttsnipe og jernspurv nye artar. I galleriet nedanfor er det vist nokre bilete frå denne turen, i tillegg til andre soloturar i området. Småspoven vart forresten observert fredag av medlemar av fugleforeininga, med meg tilfeldigvis tilstades. Denne fuglen kjem ikkje ofte her, så det var kjekt å kunne fotografere den og. Flott fuglepar! Tor Helge Heggland har elles oppmoda meg om å melde meg inn i Sunnhordland Ornitologiske Forening, så da kan det gå den vegen. Veldig interessant å få vere med ei slik kunnskapsrik gruppe på tur.

Sjå elles galleriet Dyreliv.

Forrige
Forrige

Fugletur fredag 24. mai

Neste
Neste

Når havet koker, er det heilt greitt å stå på land