Fugletur fredag 24. mai
Ny fredag med sol og luftetur med kamerasekken på ryggen og kameraet i handa. Var først i Sævarhagsvikjo for å sjekke stoda der. Fekk tatt nokre bilete av gråmåse, stare og gråhegre. Testar ut følgefokus med “tracking”, og er rimeleg fornøgd med fangsten. Både med gråmåsen midt i mot og landinga til gråhegren klarte kameraet å følgje godt med. Objektivet er 300m f/4 PRO.
Tok og ein tur til Vadelva for å sjekke fossekallen. Såg den dessverre ikkje. I staden for posert ei fin linerle midt i elva.
Aerodynamisk perfekt.
Gråmåsen steller fint med seg sjølv.
Inn for landing!
Det er ein fin stareflokk i området. Denne var høfleg og poserte fint på gjerdestolpen.
Denne kom inn for landing fem minutt etter eg satte meg ned under nokre tre. Av og til har ein flaks.
Rett etter landing kasta hegren opp dette.
Ikkje alltid ein kjem så nære gråhegren.
Ypperleg vinkel for fotografen. Takk for samarbeidet!
Linerla satt akkurat lenge nok i Vadelva.