Dagstur Bygdin-Torfinnsbu med god fuglefangst, 13. juli 2020

Det var sommaren det var norgesferie for nordmenn. For mitt vedkommande vart det ein rundtur som inkluderte Bygdin og Runde. Har lenge hatt lyst til å oppleve Jotunheimen att, etter at vi gjekk på Galdhøpiggen og over Besseggen for nokre år sidan. Denne gongen vart det ein dagstur frå Bygdin Høifjeldshotel til Torfinnsbu, med retur med MS Bitihorn.

På turen innover Bygdin-vatnet skulle det vise seg å dukke opp svært så mange interessante fuglemotiv. Eg hadde mitt splitter nye Olympus OM-D E-M1X og gromobjektivet 300mm f/4 PRO skuddklar. I tillegg hjalp det godt med ei tolmodig kone, som og bidro til gode observasjonar. Den første kom tidleg på turen, da ei rypemor og hennar tre ungar brått dukka opp rett ved stien. Rypemor fòr først unna, men returnerte raskt for å lokke til seg ungane. Vi stod heilt i ro medan den lille flokken fekk samla seg, og eg fekk nokre nærbilete og ny fugleart på minnebrikka.

På turen dukka det og opp strandsnipe, blåstrupe, steinskvett, heipiplerke og jordugle. Dei fleste var travelt opptatt med å samle mat og finne ungane sine som var ute av reiret. Blåstrupe og jordugle er nye fuglar i kamerasiktet for meg. Den største opplevinga for min del var å fotografere blåstrupen for første gang. Den flaug ikkje vekk, men heldt seg på nokolunde kort avstand til oss. Både hannen og hoa var aktiv med insektjakt. Det må forresten ha vore rimeleg enkelt å få tak i mat, så mange og store mygg det var rundt oss i år. Verkar som skikkeleg myggår. Blåstruphannen er ein vakker og særmerkt fugl. I tillegg er den kjent som fjellets nattergal på grunn av den vakre sangen sin.

Jordugla var eit lykketreff, sjølv om fotofangsten ikkje var den største av nett den. Nærare Torfinnsbu gjekk vi litt feil, inn på den gamle stien som går opp i terrenget. Vi bestemte oss for å gå ned att til stien langs vatnet, og skremte da opp ei jordugle på vegen ned. Der og da hadde eg ikkje rett innstilling i kameraet for fugl i flukt, så det gjekk nokre sekund før eg fekk vridd hjulet til forhandsinnstillinga C1 på E-M1X`en, og da hadde ugla glidd eit stykke unna. Likevel artig å sjå ei ugle på turen.

Nedanfor er nokre fotoinntrykk frå turen, inkludert nokre tradisjonelle turbilete som seg hør og bør. Sjå elles fleire fuglefoto i galleriet.

Strandsnipe møtte vi tidleg på turen - Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO - 1/1250s, f/5, ISO 400

Lirypeunge, ein av tre - Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO - 1/1000s, f/4,5, ISO 400

Lirype - Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO - 1/1250s, f/5, ISO 400

Blåstrupe - Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO - 1/800s, f/5, ISO 400

Blåstrupe, var heldig med denne! - Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO - 1/800s, f/5, ISO 400

Blåstrupe (ho) - Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO - 1/640s, f/5, ISO 200

Løvsanger mater ungen sin - Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO - 1/1600s, f/5, ISO 200

Løvsanger - Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO - 1/1000s, f/5,6, ISO 200

Heipiplerke - Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO - 1/800s, f/5, ISO 400

Steinskvett (ho) - Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO - 1/1000s, f/5, ISO 400

Steinskvett (hann) på insektjakt - Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO - 1/1600s, f/5, ISO 400

Jordugle, like før Torfinnsbu - Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO - 1/640s, f/5, ISO 200

Lunsj med nytt kokeapparat

Lunsj med nytt kokeapparat

Torfinnsbu, ein times ventetid her på båten tilbake til Bygdin.

Bitihorn sørga for komfortabel transport tilbake til Bygdin Høifjeldshotel.

Forrige
Forrige

Runde sommaren 2020 - 29 år sidan sist

Neste
Neste

Fugletur fredag 24. mai