Runde sommaren 2020 - 29 år sidan sist

Etter 29 år var det ei stor oppleving å kome tilbake til Runde. I 1991 var vi nygifte, og eg hadde med mitt gode gamle Olympus OM-4 og Tamron 80-210mm f/3,8-4. I dag er utstyret radikalt forandra, og noko forskjell er det og å vere 27 vs 56 år. I år kom vi frå eit par dagar i Jotunheimen, sjå blogg her, og hadde lagt inn to overnattingar i Fosnavåg, ca 20 minutt med bil frå Runde.

Første dagen fekk eg ein fire timars kveldsøkt, heilt fram til solnedgang. Var veldig heldig med veret, sol og fin temperatur, og tusenvis av lundefuglar som sverma i store sirklar i lundeura. Det er visstnok over 30 år sidan det har skjedd, i følgje lokalkjente. Mitt heilt ferske Olympus OM-D E-M1X fekk på mange måtar elddåpen her, og det svarte definitivt til forventningane. Saman med superobjektivet 300mm f/4 PRO, var det berre opp til fotografen å handtere komposisjon og fototeknikk.

Dagen etter var vi på Runde heile dagen. Gjekk stien via fyret og havsulekolonien. Lundeura på dagtid var ganske stile med lite fugl å sjå. Lunsjen tok vi ved parkeringsplassen, i lag med ein svært så tillitsfull måse som la seg på muren eit par meter frå oss.

I halv sekstida gjekk vi opp att i retning lundeura. Lundene byrjar å kome inn frå sjøen i sekstida, og det var igjen duka for ein ny fin kveld, om enn litt mindre sol og litt meir trekk i vinden. Likevel ein flott kveld med mange motiv.

Det er fort gjort å berre fokusere på lundefuglen på Runde, men i løpet av eit par dagar fekk eg og fotografert storjo, havørn, bergrisik, havsule, alke, storskarv og ravn. Storjoen passerer ein på vegen over myra mot lundeura. Den hekker på myra der, og eit par fuglar stod eller låg som oftast berre eit par meter frå stien. Dei flaug og over myra, og inviterte til fluktbilete.

Nedanfor følgjer nokre smakebitar frå årets tur til Runde.

lunde-_7151680-Edit.jpg
lunde-_7148571-Edit.jpg
lunde-_7148628-Edit.jpg
lunde-_7148760-Edit.jpg
lunde-_7151735-Edit-2.jpg
lunde-_7149079-Edit.jpg
lunde-_7149081-Edit.jpg
lunde-_7149414-Edit.jpg
lunde-_7148544-Edit.jpg
lunde-_7148886-Edit.jpg
lunde-_7149566-Edit.jpg
lunde-_7149927-Edit.jpg
lunde-_7151528-Edit.jpg
lunde-_7149814-Edit.jpg
Storjo

Storjo

Storjo

Storjo

Ravn

Ravn

Havørn

Havørn

Havsule

Havsule

Havsule

Havsule

Bergirisk

Bergirisk

Forrige
Forrige

Gråspett på Hovaneset 10. oktober 2020

Neste
Neste

Dagstur Bygdin-Torfinnsbu med god fuglefangst, 13. juli 2020