Adventskalendar 11. desember 2020

Novemberkveld i Sævarhagsvikjo

12. november vart ei fin kveldsoppleving i Sævarhagsvikjo, dvs så seint på året er det like mykje ei ettermiddagsoppleving. Denne ettermiddagen returnerte eg til Sævarhagsvikjo for å utforske meir landskapsdelen i området. Det starta med ein relativt overskya himmel, men etter kvart løyste det seg opp i sør, og mine forventningar til godt fotolys steig i takt med skyar som sakte dreiv nordover og opna opp for eit landskap bada i reflektert lys frå fargemalte skyar. 

Dette panoramabiletet er sett saman av seks vertikale foto. Det sikrar god oppløysing i den ferdige bildefila.

1/50s, f/6,3, ISO 500

1/50s, f/6,3, ISO 500

Forrige
Forrige

Adventskalendar 12. desember 2020

Neste
Neste

Adventskalendar 10. desember 2020