Adventskalendar 10. desember 2020

 Myrsnipe

I byrjinga av september dukka det opp ein flokk med myrsniper i Sævarhagsvikjo, igjen ein ny fugleart for meg. I motsetnad til gråhegre og storskarv, så viste myrsnipene ei heilt annan haldning til fotografen, og brydde seg lite om at eg gjekk ute i fjøra i lag med dei. Det er alltid ein fordel å fotografere fuglar på same nivå som dei sjølve. For å få så lågt perspektiv som mogleg har eg her vippa ut skjermen bak, og så vridd den opp så eg kan halde kameraet i nokolunde same nivå som fuglen. Når i tillegg autofokus og kveldslyset spelte på lag, vart det mange fine bilete av myrsnipa i september.

1/1000s, f/5,6, ISO 200

1/1000s, f/5,6, ISO 200

Forrige
Forrige

Adventskalendar 11. desember 2020

Neste
Neste

Adventskalendar 9. desember 2020