Adventskalendar 9. desember 2020

Utsnitt av skogen

Det er av og til ei velsigning å leve i ein digital tidsalder. Dette motivutsnittet kom først fram i etterbehandlinga. Det originale opptaket inkluderer ein større del av skogen og landskapet rundt. Det er først på papir ein ser det endlege sluttresultatet av eit fotoopptak, og eg tar som oftast prøveutskrifter av dei motiva eg vil jobbe vidare med. I dette tilfellet vil eg takke Brit som såg meir enn skogen for berre tre (eller noko sånt), og føreslo å ta eit tettare utsnitt. Det gjeld av og til å sjå dei mindre detaljane i det store biletet. I tillegg til Brit, sender eg og ein takk til dei kreative og flinke ingeniørane til Olympus som utvikla funksjonen «Hi Resolution», som på magisk vis får ein 20mp sensor til å levere ei 80mp RAW-fil. Da kan ein sleppe unna med relativt kraftige utsnitt.

1/25s, f/7,1, ISO 64

1/25s, f/7,1, ISO 64

Forrige
Forrige

Adventskalendar 10. desember 2020

Neste
Neste

Adventskalendar 8. desember 2020