Adventskalendar 14. desember 2020

Hegrelanding i september

Denne steinen i fjøra i Sævarhagsvikjo er mykje brukt av storskarven, men tidvis vekslar det med gråhegre, kråke og gråmåse. Gråhegren er lang i alle retningar - lang hals, lange venger og lange bein, tilsynelatande mykje å koordinere. Her kan det verke som koordineringa i landingsfasen er i ferd med å svikte, men den løfta beina rett før og landa kontrollert på toppen. Sjå ikkje bort frå at gråhegren landar i fleire fotoluker før jul.

1/1600s, f/4, ISO 640

1/1600s, f/4, ISO 640

Forrige
Forrige

Adventskalendar 15. desember 2020

Neste
Neste

Adventskalendar 13. desember 2020