Adventskalendar 15. desember 2020

Storskarv i morgonsol

Storskarven er ein sky fugl som gjerne held saman i samla flokk, bl.a. ved Ilholmane i Bjoafjorden. I Sævarhagsvikjo er dei gjerne i mindre grupper med to-tre individ på same steinen, eller dei står aleine og tørker vengene sine. Av og til fyk dei forbi litt lenger ute, som her utafor Hovaneset 27. september. Kursen er mot nord og mot morgonsola kl 09:04. Det gjer at vengene lyser opp og set ein liten prikk over i`en. 

1/2000s, f/4,5, ISO 400

1/2000s, f/4,5, ISO 400

Forrige
Forrige

Adventskalendar 16. desember 2020

Neste
Neste

Adventskalendar 14. desember 2020