Adventskalendar 20. desember 2020

Landskap revisited

Velkomen til fjerde søndag i advent, med sein frukost her i huset og tonane frå Bugge Wesseltoft si juleplate «It`s Snowing on My Piano», som roer ned sinn og skuldre som ingen andre plater kan. Det gir rette stemninga for dagens fotoluke, som er ein variant av fotoøkta eg hadde 12. november, på same plassen som panoramabiletet i fotoluke 11. I Lightroom er det dratt litt i spakane, det gjeld all etterbehandling, men her har eg i tillegg brukt ei nyoppdaging som denne nyoppdaga karen på Youtube nyleg har lært meg: https://www.youtube.com/watch?v=FnFQfyFSqRw&t=104s Ha ein fin fjerde søndag i advent!

1/80, f/6,3, ISO 800

1/80, f/6,3, ISO 800

Forrige
Forrige

Adventskalendar 21. desember 2020

Neste
Neste

Adventskalendar 19. desember 2020