Adventskalendar 21. desember 2020

 Hettemåke Model X

Det har vore ein og annan hettemåke i Sævarhagsvikjo i år. At det er få av den kan ha samanheng med at den er i tilbakegang i Norge, og er no oppført som nær trua i «Norsk rødliste for arter». Dei fleste hettemåkene trekk sørover, til Dei britiske øyar, Danmark og Mellom-Europa, nokre få overvintrar. I midten av oktober var det framleis to hettemåker att i Sævarhagsvikjo. Dei hadde fått på seg «vinterhatten», kvit med ein svart prikk på sida av hovudet. Sommarvarianten har den karakteristiske svarte hetta på hovudet. Dei som var i Sævarhagsvikjo i oktober kunne ikkje unngå å høyre den høge karakteristiske skrikelyden frå dei to hettemåkene der. Her skrik den eine i kreativ positur og avslører at den har stått modell for måkevengene til Tesla Model X.

1/80s, f/6,3, ISO 800

1/80s, f/6,3, ISO 800

Forrige
Forrige

Adventskalendar 22. desember 2020

Neste
Neste

Adventskalendar 20. desember 2020