Adventskalendar 22. desember 2020

Regnboge i Nuen

For om lag ein månad sidan var eg på fotojakt etter morgonlyset, her frå Hovaneset med normalzoomen peikande i nordleg retning mot Stordfjellet og Langenuen. Ein sjeldan dag med snø i Sunnhordland, og både passande og hyggeleg at morgonsola kunne bidra med å kaste lys over det snødekte landskapet. Ein bonus vart enden på ein regnboge i Langenuen,  mellom Stord og Tysnes. Kjem tilbake til den regnbogen, for var det verkeleg regn i lufta den dagen?

1/80s, f/7,1, ISO 100

1/80s, f/7,1, ISO 100

Forrige
Forrige

Adventskalendar 23. desember 2020

Neste
Neste

Adventskalendar 21. desember 2020