Adventskalendar 3. desember 2020

Tre og tåkeflaks

På sjølvaste farsdagen søndag 8. november stod far opp før soloppgang, fyrte opp kaffe og bil, forlet kona og sette kursen mot Sævarhagsvikjo med landskapsfoto i fototankane. Vervarselet for denne morgonen kunne gje forhåpningar om bra fotolys rundt soloppgang i åttetida. Fotografering handlar grunnleggjande om å fange lyset, der lyskvaliteten radikalt kan endre eit fotografi frå eitt minutt til eit anna. Denne morgonen seig tåka inn frå sør, der den til slutt var tett på. Det passa som hand i fotohanske, da eg såg for meg å ha tre og skog som hovudelement. Med tett tåke opnar det seg opp andre motiv og stemningar, forstyrrande bakgrunnar blir viska ut og hovudmotivet kan betre bli framheva. Denne morgonen fekk eg mykje god landskapsfangst som og vil opnast i seinare fotoluker. Måtte det kome meir tåke.

1/15s, f/6,3, ISO 64

1/15s, f/6,3, ISO 64

Forrige
Forrige

Adventskalendar 4. desember 2020

Neste
Neste

Adventskalendar 2. desember 2020