Adventskalendar 4. desember 2020

I eit tre, svartkråke og kråke

I fuglemiljøet er svartkråka i Sævarhagsvikjo godt kjent. Eg er ikkje fugleekspert, men har i år meldt meg inn i Norsk Ornitologisk Forening, avdeling Sunnhordland, og får no tilsendt det innhaldsrike og fagtunge magasinet Fuglar i Hordaland. Medlemskapen gir og tilgang til gode fuglefagressursar som har kikkert rundt halsen og kvitrar på kjennbart norsk. Å lære meir om det ein skal fotografere kan ikkje vere anna enn smart, og gjer det enno meir givande å vere ute i den verkelege naturen. Svartkråka har eg treft på mange gonger i løpet av året, den har blitt ein kjær fugleven.

28. februar, 1/250s, f/4, ISO 1250

28. februar, 1/250s, f/4, ISO 1250

Forrige
Forrige

Adventskalendar 5. desember 2020

Neste
Neste

Adventskalendar 3. desember 2020