Adventskalendar 5. desember 2020

Kortreist motiv over fjorden 

Laurdag 7. november sat eg med frukosten med utsikt sørover mot Tittelsneset og fjellområdet lenger sør i Vindafjord, på andre sida av Ålfjorden. Det er ikkje ein fantastisk utsikt, men mellom to nabohus er det råd å sjå sjøen, og denne litt karakteristiske fjellformasjonen som med det rette fotolyset kan invitere fotografen til å hente kameraet, opne terrassedøra, gå eit par meter ut i friluft og sjå om 300mm`en får noko ut av det. Denne morgonen kvilte sollyset på nokre tåkedottar og motivet tvang meg til slutt å rope på Olympus`en som kom byksande opp trappene frå den underste etasjen. Må finne ut kva den toppen heiter.

1/1000s, f/5,6, ISO 200

1/1000s, f/5,6, ISO 200

Forrige
Forrige

Adventskalendar 6. desember 2020

Neste
Neste

Adventskalendar 4. desember 2020