Adventskalendar 6. desember 2020

Linerle på stein

Linerla er ein kjær og tilsynelatande nesten tam fugl som er nokså enkel å fotografere der den gjerne poserer på kort avstand. Litt som måsen, som nesten ikkje blir fotografert da den er så vanleg å sjå. Denne linerla følgde meg ei stund på innsida av Hovaneset (utafor Sævarhagsvikjo, red. anm), og etter kvart forstod eg kvifor. I sitt intelligentinstinktive omsorgshovud heldt den meg under oppsikt da ungen viste seg å halde til like i nærleiken. Slik omsorg fortener å bli vist til eit større publikum. Komposisjonsmessig skulle den stått andre vegen, men av og til er det greitt å bryte med konvensjonane. Steinen var fin og, i kveldslyset 19. juni.

1/500s, f/4,5, ISO 500

1/500s, f/4,5, ISO 500

Forrige
Forrige

Adventskalendar 7. desember 2020

Neste
Neste

Adventskalendar 5. desember 2020