Adventskalendar 7. desember 2020

Tre i tåke

Da er vi tilbake til tåkemorgonen i november, omtalt i fotoluka for 3. desember. Her stod eg og jobba med eit anna motiv, med stativet oppå ein større stein ved utløpet av ein liten bekk som renn ut i Sævarhagsvikjo. Med stadig meir tåke endra landskapet seg og blikket festa seg ved treklynga nordafor bekken. Frå den same steinen resulterte dette i eit meir minimalistisk uttrykk med fokus på dei tre fremste trea. Slike motiv er vanskelege å få til, men tåke i bakgrunnen gjer det enklare å få fram dei meir definerte elementa i bildeflaten. Dette biletet har eg skreve ut i A3-format på fotoskrivaren. På 300g matt kunstfotopapir vart det ganske så fint og er ein kandidat til å hengast på veggen med glas og ramme. 

Enkelte landskapsfotografar har spesialisert seg på det som på engelsk går inn under «woodland photography». Følg gjerne Simon Baxter sin youtubekanal for meir inspirasjon innan dette fototemaet.

0,4s, f/6,3, ISO 64, HiRes (80mp)

0,4s, f/6,3, ISO 64, HiRes (80mp)

Forrige
Forrige

Adventskalendar 8. desember 2020

Neste
Neste

Adventskalendar 6. desember 2020