Stjernehimmel i januar - god start på 2021

Når januar stiller opp med kaldt og stjerneklart vintervèr, er det berre å kome seg ut med Olympus`en og finne ein god lokasjon. Det er fleire år sidan stjernehimmelen var i fokus for mitt vedkomande, da i ein periode med høg solaktivitet og nordlys i Sunnhordland. I år drog vintervèret meg ut igjen, og her er det eg fekk ut av to kveldar ein stad på Stord.

Fotografering av stjernehimmelen bør skje lengst mogleg unna jordiske lyskjelder som tettstader, veglys, bustadfelt o.l. Rundt Leirvik på Stord vil det alltid vere lysforureining, så eg endte til slutt på min «faste plass» med Siggjo i siktet, med Leirvik eit stykke bak meg. Her er eg godt kjent, og såg for meg korleis til dømes «startrails» (nokon som har eit godt norsk namn?) ville kunne sjå ut over Siggjo. Det var og ein første test av mitt nye svært lyssterke Olympus mZuiko 17mm f/1,2 PRO-objektiv for denne type fotografering. Det er sylskarpt, og med ein stor største blendaropning kan det fange enno meir lys med lågare ISO. 17mm satte eg på E-M1X`en, medan 12-40mm f/2,8 gjorde teneste på min “gamle” E-M1 II. Å bruke to kamera var effektiv bruk av tida, med større variasjon i motiva med meg heim.

Live Composite
Eit par kveldar i felten denne veka fekk friska opp gammal kunnskap om korleis setje opp kameraet for nattfotografering av nattehimmelen. Olympus har ein unik funksjon, Live Composite, som gjer at sensoren registrerer nye lyspunkt, utan å eksponere på nytt dei som alt er registrert. Det gjer at ein kan følgje med på skjermen korleis bildet byggjer seg opp, og avslutte eksponeringa når det passar. Kameraet tar intervallbilete og set dei til slutt saman i eitt bilete når eksponeringa blir avslutta. På bildet med ein time eksponering brukte eg seks sekund som intervall, noko som resulterte i 600 bilder. Veldig greitt å sleppe å setje dei saman i etterbehandlinga.

500-regelen
For enkelteksponeringar av stjernehimmelen må ein kjenne til «500-regelen». Det er ein formel som reknar ut kor mange sekund lukkaren kan vere open før ei stjerne byrjar bli ein strek, jf “startrails”. Jorda roterer som kjent, og det må ein ta omsyn til. Utrekninga er enkel, med formelen 500/brennvidde i 35mm-format. For mitt 4/3-system blir det å gange brennvidden til objektivet med 2. For 17mm-objektivet blir utrekninga difor 500/34 = 14,7 sekund. Med 12mm kan ein eksponere litt lenger, 500/24 = 20,8 sekund.

Nedanfor er nokre utvalde foto. Her er mykje som kan forbetrast, men moro å utforske denne type fotografering igjen. Landelement er lyst opp av hodelykta mi. Artig å eksperimentere med det og.

Ser du nøye etter vil du og kunne sjå strekar etter satellittar, fly og stjerneskot.

Kommenter gjerne kva du synes og om du har spørsmål til dette.

60 min eksponering Live Composite, f/1,4, ISO 800. Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 17mm f/1,2 PRO

60 min eksponering Live Composite, f/1,4, ISO 800. Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 17mm f/1,2 PRO

30 min eksponering Live Composite, f/1,4, ISO 1000. Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 17mm f/1,2 PRO

30 min eksponering Live Composite, f/1,4, ISO 1000. Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 17mm f/1,2 PRO

Utgangspunktet for bildet over. Tynt skylag rundt Siggjo.  13 sekund, f/1,2, ISO 1000. Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 17mm f/1,2 PRO

Utgangspunktet for bildet over. Tynt skylag rundt Siggjo.
13 sekund, f/1,2, ISO 1000. Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 17mm f/1,2 PRO

Tidleg i opptaket dukka det opp eit kraftig stjerneskudd, og eg bestemte meg for å avbryte opptaket for ikkje å blande dette med hundrevis av andre stjernetrådar.  Ca 5 min eksponering Live Composite, f/2,8, ISO 1600. Olympus OM-D E-M1 II, mZuiko 12…

Tidleg i opptaket dukka det opp eit kraftig stjerneskudd, og eg bestemte meg for å avbryte opptaket for ikkje å blande dette med hundrevis av andre stjernetrådar.
Ca 5 min eksponering Live Composite, f/2,8, ISO 1600. Olympus OM-D E-M1 II, mZuiko 12-40mm f/2,8 PRO

Etter fleire forsøk fekk eg til slutt eit halvtimes opptak utan forstyrrande kunstige himmelelement, sjå neste foto. Ein liten kuriositet er spegelbildet i sjøen, som faktisk kjem frå ei kraftig stjerne. Har ikkje sett den type spegling før. Her er …

Etter fleire forsøk fekk eg til slutt eit halvtimes opptak utan forstyrrande kunstige himmelelement, sjå neste foto. Ein liten kuriositet er spegelbildet i sjøen, som faktisk kjem frå ei kraftig stjerne. Har ikkje sett den type spegling før. Her er den dratt ut i sjøvenpga lang lukkertid.

30 min eksponering Live Composite, f/2,8, ISO 1600. Olympus OM-D E-M1 II, mZuiko 12-40mm f/2,8 PRO

Tre gonger vart opptaket forstyrra av fly som kom nordfrå. Eg rakk ikkje å avbryte før det var for seint. Elles ser ein godt eit par andre mindre stjerneskot. 20 min eksponering Live Composite, f/2,8, ISO 1600. Olympus OM-D E-M1 II, mZuiko 12-40mm f…

Tre gonger vart opptaket forstyrra av fly som kom nordfrå. Eg rakk ikkje å avbryte før det var for seint. Elles ser ein godt eit par andre mindre stjerneskot.

20 min eksponering Live Composite, f/2,8, ISO 1600. Olympus OM-D E-M1 II, mZuiko 12-40mm f/2,8 PRO

Bak skogen er det og stjerner, med lyspåverknad frå Leirvik-området i nedre venstre del av himmelen. Likte effekten med stjernetrådane som går bak trea. 20 min eksponering Live Composite, f/2,8, ISO 1600. Olympus OM-D E-M1 II, mZuiko 12-40mm f/2,8 P…

Bak skogen er det og stjerner, med lyspåverknad frå Leirvik-området i nedre venstre del av himmelen. Likte effekten med stjernetrådane som går bak trea.

20 min eksponering Live Composite, f/2,8, ISO 1600. Olympus OM-D E-M1 II, mZuiko 12-40mm f/2,8 PRO

Det nærma seg tre timar i felten, og eg konsentrerte meg om det siste motivet i sør mot Bømlabrua. Det vart ikkje så gale, og motivet har potansiale til å jobbast vidare med. 20 min, f/1,2, ISO 1000. Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 17mm f/1,2 PRO

Det nærma seg tre timar i felten, og eg konsentrerte meg om det siste motivet i sør mot Bømlabrua. Det vart ikkje så gale, og motivet har potansiale til å jobbast vidare med.

20 min, f/1,2, ISO 1000. Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 17mm f/1,2 PRO

Slik ser motivet ut utan langtidseksponering. 13 sekund, f/1,2, ISO 1000. Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 17mm f/1,2 PRO

Slik ser motivet ut utan langtidseksponering.

13 sekund, f/1,2, ISO 1000. Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 17mm f/1,2 PRO

Forrige
Forrige

Første fuglefangst i 2021 i Sævarhagsvikjo

Neste
Neste

Nyttårsaften 2020