Første fuglefangst i 2021 i Sævarhagsvikjo

30. januar tok eg ein liten tur til ein vinterkledd Sævarhagsvikjo. Lite fugl å sjå, men ei siland (ho) dykka ivrig medan det enno var flo. Ho kom fleire gonger nær vegen til båthamna, og eg kunne difor sitje i bilen og dermed ikkje skremme ho vekk. Brått fekk ho tak i ei lita flyndre, og da var det berre å trykke ned utløysaren. Flyndra unnslapp nesten tre gonger, og ho strevde ei stund med å få fisken ned. Til slutt lukkast ho, og begge to var godt fornøgd med fangsten denne laurdag ettermiddagen. Blir spennande å sjå kva 2021 har å tilby i Sævarhagsvikjo.

siland-_1306740-Edit.jpg
siland-_1306795-Edit.jpg
siland-_1306826-Edit.jpg
siland-_1307029-Edit.jpg
siland-_1307057-Edit.jpg
siland-_1307081-Edit.jpg
Forrige
Forrige

Fotodagbok frå 1. februar 2021 - Hovaneset

Neste
Neste

Stjernehimmel i januar - god start på 2021