Adventskalendaren 2021

For tredje år på rad lagde eg til ein adventskalendar på Facebook. Planen i år var å leggje den ut dagleg her på bloggen min, men tida strakk ikkje til. Den blir difor lagt ut samla i dette enkeltinnlegget. Utvalet av foto er ei blanding av landskap- og fuglefoto, med hovudvekt på fuglar. Dei siste to åra har det vore mest fokus på våre tobeinte flygevener, så får eg sjå om 2022 kan gi eit comeback for landskapsfotografen. Hadde vore kjekt det. Kommenter gjerne!


Adventskalendar 1. desember - Moskus i september

I september var eg på naturfototur med Biofoto Hordaland. Turen gjekk til Dovrefjell med fokus på moskus og elg. To heile dagar med ein flokk på 11 moskus første dagen og ein mindre flokk med fem dyr andre dagen gjorde fotografen både ør og susen. Skal berre sjå at moskusen melder seg på seinare i adventskalendaren. 

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO+MC-14. 1/200s, f/6,3, ISO 800, handhaldt

Adventskalendar 2. desember - Kunstaktige grågjess

Panorering av fuglar med lang lukkertid krev mykje øving og flaks. I vår eksperimenterte eg ein ein del med denne teknikken i Sævarhagsvikjo. 9 av 10 foto blir sletta, men denne gjekk gjennom sensuren. Litt sånn i retning kunstfoto og litt greitt å ikkje ta dei same bileta år etter år. 

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO. 1/20s, f/8, ISO 100

Adventskalendar 3. desember - Poserande gråhegre, ung versjon

Gråhegrene i Sævarhagsvikjo er produktive med bråkete reirområde i Hystadmarkjo. Dette bustetrollet er eitt av resultata, fotografert i juni. Ungdomane er ikke så lettskremte som dei fleste vaksne. Denne lærer sikkert snart å fly frå fotografen og.  

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO. 1/1600, f/4, ISO 250

Adventskalendar 4. desember - Moskuskalv

Vi er tilbake til moskusland på Dovrefjell i september med ein moskuskalv som feiter seg opp så best den kan til vinteren. Moskusen trivst dårleg i sommarvarmen, betre utover hausten og aller best med snø og så mange minusgrader som mogleg. Moskusulla er åtte gonger varmare enn saueulla,og difor godt tilpassa strenge vintrar.

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO. 1/400, f/5, ISO 640

Adventskalendar 5. desember - Lunde med fisk i farta

I midten av juli vart Runde igjen stoppestad på årets bilferie i heimalandet. Med ganske så sterk vind imot vart det ei kraftprøve å stå over Lundeura i fleire timar. Vanskeleg var det og å prikke inn dei små lundene som kom inn frå havet i ein avsindig fart. Denne kom rett imot og med mykje flaks vart den skarp og attpåtil med fisk i nebbet. Visste du at lundefuglen kan dykke ned til 70 meter og i løpet av dykket ta med seg fisk i fleire omganger? At den flyg med opptil 400 vingeslag i minuttet med ein toppfart på 85 km/t? Den er generelt bygd for eit liv på og under sjøen, i mindre grad i lufta, så klumsete den kan sjå ut. 

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO. 1/3200, f/4,5, ISO 1000

Adventskalendar 6. desember - Langfjøra i Sævarhagsvikjo

Det har vore mindre fokus på landskapsfotografering i 2021 enn tidlegare år. Her er eitt av årets bidrag frå Sævarhagsvikjo, fotografert i midten av mars. Langfjøra kan bli lang, og attraktiv for vadefuglar og andre fuglar som finn mat i fjæra.

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 12-40mm f/2,8 PRO. 1/640, f/5, ISO 400

Adventskalendar 7. desember - Lunde byggjer på reiret

På årets fotoøkt i Lundeura på Runde hadde eg som mål å ta fleire bilete av lundefuglen i flukt. Starta ut med 300mm, men med så smal bildevinkel vart det eit vanskeleg prosjekt. Autofokusen klarte ikkje å halde tritt, og det vart mange bomskot. Skifta difor til 40-150mm og da vart suksessraten høgare. Her er ein lunde som kjem med påfyll til reiret. Visste du forresten at den eldste merka lundefuglen var over 40 og 10 månader? Lunden lever elles normalt i 20-25 år. Dei lever på havet det meste av året, men kjem tilbake til det same reiret år etter år, eit reir som kan vere fleire meter djupt. 

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 40-150mm f/2,8 PRO. 1/2000, f/2,8, ISO 800

Adventskalendar 8. desember - Skog i tåke

Siste dagen i februar slo til med tjukk tåke, ein atmosfærisk tilstand alle landskapsfotografer tar i mot med opne fotoarmar. Fotografering av skog er vanskelegare enn ein skulle tru, og krev mykje jobbing med komposisjon og lys. Tåka gjer det til ei litt meir takknemleg oppgåve. 

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 12-40mm f/2,8 PRO. 1/80s, f/6,3, ISO 400, stativ


Adventskalendar 9. desember - Storjo kjeftesmelle

Det er ikkje berre lunde på Runde. På veg ned frå Lundeura til parkeringsplassen går ein gjennom eit større myrområde med hekkande storjo. Desse kan varte opp med både høg lyd og flygeoppvisningar. Her gjekk «praten» høgt, men diverre gjekk innhaldet tapt i omsetjinga.

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO. 1/1000 s, f/4, ISO 1000

Adventskalendar 10. desember - Svartorskogen i tåke

Svartorskogen, eller orreskogen om du vil, er eit karakteristisk fotomotiv i Sævarhagsvikjo. Den gir hus til blant anna dvergspett og gråtrast. Særleg dvergspetten er avhengig av denne type skog, og kan ofte høyrast på vårparten om du tek turen gjennom skogen. Den tjukke tåka i februar fekk orreskogen til å fotoskine litt ekstra, her sett saman av fleire foto til eit panorama. 

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 12-40mm f/2,8 PRO. 1/100s, f/6,3, ISO 400, stativ

Adventskalendar 11. desember - Grågjess i adventslys

Det nærmar seg halvvegs til julaften og straks tredje søndag i advent. Dagens motiv er frå midten av mars med grågjess mot adventsfarga himmel. Dette er kanskje det mest vellukka eksperimentfotoet i vårens langlukkertidsforsøk. 

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO. 1/20s, f/5, ISO 200

Adventskalendar 12. desember - Lappspove med lågt perspektiv

Lappspove er ikkje ein fugleart som ofte frekventerer Sævarhagsvikjo. I byrjinga av august var eg heldig som fekk sjå og fotografere den for føste gang. Første gang er alltid stas. Dedikerte fuglefotografar har liggande fotostilling som optimalt for å fotografere fugl. I Sævarhagsvikjo har eg enno ikkje lagt meg horisontalt i fjøra, den er for våt og leirete til at det er aktuelt. Alternativet er å vippe bakskjermen ut og halde kameraet så lågt som mogleg. Med 300mm påmontert får eg god hjelp av samarbeidet mellom bildestabiliseringa i kameraet og objektivet. Ser fram til nye fotoblikk i lag med lappspoven. 

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO. 1/20s, f/5, ISO 200

Adventskalendar 13. desember - Muskusfart
Sjefen i flokken på Dovrefjell i september med utfall mot ein ungokse som vart for nærgåande. Ungoksen heldt seg på nokolunde avstand, med eit nokså sørgmodig oppsyn. Eit par gonger gjekk den over ein usynleg strek og oksen i flokken på 11 dyr mista tolmodet og kjeppjaga den. Moskusfe har ikkje høgare skulderhøgde enn 120-150 cm, men fort spring den.  

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO. 1/500s, f/4,5, ISO 640

Adventskalendar 14. desember - Mandarinand
Mandarinanda er heimehøyrande i Aust-Asia, derav namnet «mandarin» med referanse til Kina. Difor er det ikkje så rart at det vekkjer litt oppsikt at eit eksemplar av denne vakre og eksotiske fuglen landa i Leirvik-området i oktober. Var heldig og traff på den ein søndag føremiddag langs Frugardselva. Herved kåra til mest eksotiske motiv i adventskalendaren så langt. 

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO. 1/320s, f/4,5, ISO 1600

Adventskalendar 15. desember - Vintertre

I januar var det skikkeleg vinter på øya. Det skapte mange fine vintermotiv. På vestsida fann eg ei myr stappfull av iskrystallar og eit morkent tre som lyste kvitt mot den mørkare vegetasjonen i bakgrunnen. Her er 2021 berre seks dagar gamal. Måtte det same skje igjen i 2022. 

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 12-40mm f/2,8 PRO. 1/60s, f/6,3, ISO 200, stativ

Adventskalendar 16. desember - Hareunge
I juli traff vi på ein liten hareunge på Fokstumyra på Dovrefjell. Ein litt over middels søt hareunge. 

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO. 1/1250s, f/4, ISO 400

Adventskalendar 17. desember - Moskusblikk
Moskusen på Dovrefjell treng ikkje meir introduksjon. Denne kua låg fint i terrenget og ga eit fint fotoperspektiv. Det er noko med det når ein er på same nivået som det som er rundt. 

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO. 1/320s, f/5,6, ISO 800

Adventskalendar 18. desember - Blåstrupe på Dovrefjell
To turar til Dovrefjell i år set sitt preg på fotoadventskalendaren. På den guida moskusturen i juli hadde eg og fotoberedskap på at det kunne dukke opp fotomotiv undervegs. Da blåstrupen vagla seg på ein stein langs stien var eg og fotokamerat Olympus`en klare til å fyre laus, med eit rimeleg bra resultat. Kjekt å sjå den vakre blåstrupen att.

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO. 1/800s, f/4, ISO 400

Adventskalendar 19. desember - Myrlandskap i januar

2021 var to dagar gammal da denne myra ein stad på Stord fanga fotografens fotoblikk. Litt vanskeleg komposisjon, satt saman av fire vertikale opptak. Kveldslyset på skyene gjorde det publiseringsverdig. 

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 12-40mm f/2,8 PRO. 1/60s, f/6,3, ISO 200, stativ

Adventskalendar 20. desember - Ferske sangsvanar i Fitjar
Gårsfersk adventsfoto frå Rimbsreidtjødno i Fitjar. Sangsvanane vart bonusen da egretthegra ikkje dukka opp. Var ein mindre flokk i dette området, saman med toppand og stokkand. Ved Vestbøstadtjødno telte eg 15 sangsvanar. Flotte fuglar. 

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO. 1/800s, f/4, ISO 800

Adventskalendar 21. desember - Polarsnipe
I august hadde eg gleda av å fotografere polarsnipe for første gong, sjølvsagt i Sævarhagsvikjo. Den var der ei stund, og ein dag fekk eg eit lågt nok perspektiv samstundes som kveldslyset spelte på lag. Fin fugl som ikkje er vanleg å sjå på desse kantar. 

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO+MC-14 (telekonverter). 1/640s, f/6,3, ISO 640

Adventskalendar 22. desember - Abstrakt i fjøra

Dagens adventsluke er sannsynlegvis for dei meir spesielt interesserte, men mars var som tidlegare skreve tid for å eksperimentere med fuglefotografering med lang lukkertid. Her kan du skimte ein gråhegre inn for landing i ein abstrakt kunstaktig versjon av fjøra i Sævarhagsvikjo. For å få lang nok lukkertid på 1/20s er ISO låg og blendartal høgt. 

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO. 1/20s, f/11, ISO 64

Adventskalendar 23. desember - Sola har snudd

Med dette kortreiste (fotografert frå hagen) solnedgangsbildet frå 2. oktober markerer vi at sola snudde for to dagar sidan. Det hjelper og godt på at det er litle julaften i dag, og berre ei luke att i adventsfotokalendaren. 

Olympus OM-D E-M1X, m.Zuiko 40-150mm f/2,8 PRO. 1/8000s, f/8, ISO 200

Adventskalendar 24. desember - God jul!

Bjørkefinken får æra av å markere sjølvaste julaften og siste fotoluke i adventskalendaren. Bjørkefinken er ein ny art på fôringsplassen, her fotografert i byrjinga av julemånaden. I år ser det ut til at mange overvintrar her til lands. Ein vakker fink er bjørkefinken! Ønskjer alle ei god jul og eit godt nyttår! 

Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 300mm f/4 PRO. 1/60s, f/4, ISO 1600

Forrige
Forrige

Havørnmøte 1. mai 2022

Neste
Neste

Runde i juli