Havørnmøte 1. mai 2022

Første mai fekk eg mitt første nærmøte med havørn der eg mata den med fisk frå båten. Eg drog ut til eit reir eg har visst om ei stund og observert både vaksen havørn og havørnunge i reiret. Reiret såg dessverre dødt ut, og eg la meg litt i ro for å observere. Tok opp kikkerten og såg da ein måse som stupbomba over nokre furutoppar i nærleiken. Da visste eg at ørna sat der og kursen vart satt bort dit. Snart såg eg ørna i furutoppen, og da var det berre å hive fiskesnøret uti og håpe på fangst til havørna. Etter ei stund hadde eg fått to paler og ein lyr ombord, og eg kunne gjere klar til å hive ut den første fisken. Olympus`en og objektiv vart dobbelsjekka og endeleg klargjort. Valde telezoomen 40-150mm foran 300mm, da eg ville ha fleksibiliteten i tilfelle ørna svinga nærme. 

Da alt var klart såg eg først med kikkerten at eg hadde merksemda til ørna. Eg heiv så den første palen så langt eg kunne frå båten og håpte det beste. Det var ideelle forhold med blikkstille fjord, sol og ingen andre båtar i nærleiken. Havørna nølte ikkje lenge. I augekroken såg eg ho kom sigande frå furuskogen ho satt med retning rett i mot fisken. Da var det berre å finne fuglen i søkaren, la autofokusen feste seg og trykke utløsaren i seriar til ørna plukka opp fisken og tok av i ein boge bort frå båten og tilbake til reiret inne i skogen. Første forsøket var over og spenninga hos fotografen var på eit høgt nivå, høg puls og dirrande hender i minutta etterpå. Kikka raskt gjennom opptaka bak på kameraet, og kunne svært fornøgd konstatere at første forsøk såg vellukka ut. Euforien i båten var til å ta og kjenne på!

Etter nokre minutt med avlevering av fisken til reiret dukka ørna opp att i den same furutoppen, klar til ny runde med fisk. Fotografen var igjen klar, og hadde i mellomtida tenkt meir gjennom kor det var best å hive neste fisk med tanke på solretning og bakgrunn. For å få sola meir bak meg, vart det difor kasta på babord side dei to neste gongane, med god fotofangst igjen.

Dette var òg morgonen eg fekk bildeserien der ein svartbak ligg klistra på ryggen til havørna. Den historia vart ei god mediesak i NRK og Stord24 som du kan sjå og lese meir om i denne bloggartikkelen.

Første palen vert plukka opp #1
Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 40-150mm f/2,8 Pro. 1/4000s, f/2,8, ISO 400

Første palen vert plukka opp #2
Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 40-150mm f/2,8 Pro. 1/4000s, f/2,8, ISO 400

Andre palen vert plukka opp #1
Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 40-150mm f/2,8 Pro. 1/5000s, f/3,5, ISO 320

Andre palen vert plukka opp #2
Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 40-150mm f/2,8 Pro. 1/5000s, f/3,5, ISO 320

Svartbaken vart nesten ein blindpassasjer.
Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 40-150mm f/2,8 Pro. 1/6400s, f/3208, ISO 400

Blikket er festa på lyren!
Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 40-150mm f/2,8 Pro. 1/6400s, f/3208, ISO 400

Siktar seg inn med krappe manøver.
Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 40-150mm f/2,8 Pro. 1/6400s, f/3208, ISO 400

Fangsten er sikra med vasspruten bak.
Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 40-150mm f/2,8 Pro. 1/6400s, f/3208, ISO 400

Ein profesjonell fiskar på veg tilbake til reiret.
Olympus OM-D E-M1X, mZuiko 40-150mm f/2,8 Pro. 1/6400s, f/3208, ISO 400

Forrige
Forrige

Da svartbaken angrep havørna, 1. mai 2022

Neste
Neste

Adventskalendaren 2021