Fuglekongen

På gårsdagens fototur i eit skogsområde på Stord hadde eg fossekallen som primært fotomål. Eg har sett fossekallen ein gong der, samt fått observasjonar gjort av andre. Fossekallen dukka aldri opp, men på veg tilbake til bilen kom det fram ei veldig fin erstatning, nemleg fuglekongen. Eg hadde høyrt fuglekvitter undervegs utan å klare å feste det til ein art. Det vart difor ei positiv overrasking på veg tilbake til bilen at eit par fuglekongar viste seg like ved stien. Sola var da komen fram og skrudde opp dagslyset ein elles grå novemberdag nokre hakk. Likevel var det svakt lys, og for å få rask nok lukkertid på rundt 1/1250-1600 sekund måtte Olympus`en opp i ISO 4000. Med det nye OM-1 er ikkje det lenger noko problem. I tillegg fekk eg testa fuglegjenkjenninga til autofokusen som er kraftig oppgradert i dette kameraet. Det fungerte ganske bra når fuglen ikkje var innimellom greiner og trestammer. Så er fuglekongen heller nesten ikkje i ro. Stilte kameraet inn på 25 b/s, med autofokus mellom kvart bilete. Det ga svært mange bilete, men gjorde og at eg fekk nokre brukandes.

Her kan du sjå dei som vart bra nok til å vise her. Alle foto tatt med Olympus OM-1 og m.Zuiko 300m f/4 Pro.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro - 1/1600s, f/4, ISO 4000

Forrige
Forrige

Fleire havørnfoto frå oktober

Neste
Neste

Havørnungar i oktober med kamp om fisken