Havørnungar i oktober med kamp om fisken

Torsdag 13. oktober, som ein av to haustferiedagar, fekk eg ei langøkt med båten i flott haustvèr. Starta dagen i 10-tida med fisking ved Svollandsneset fyr utafor Utbjoa der vi held til på hytta. Det var eit drev av austavind, så ikkje optimale fiskeforhold. Fekk likevel opp nokre lyr og makrell. Lyren kom seinare vel med da eg satte kursen nordover for å sjå om eg kunne spore opp nokre havørner. Dei var ikkje å sjå ved dei to reirplassane eg har besøkt i mai-juni. Men, så brått kom det flyagande ei ung havørn, relativt høgt oppe og foran båten. Eg fekk satt motoren i fri, kauka høgt og heiv fisken i motsett retning av sola, altså nordover. Følgde spent med på om ørna fekk med seg kastet. Med sitt skarpe syn rekna eg med den fekk med seg det, og det tok ikkje lang tid før den dreide mot meg og gjorde seg klar til stup for å hente opp den første lyren. Det gjekk såpass fort at eg fekk ikkje dobbelsjekka innstillingane i kameraet, og såg etter kvart at lukkertida stod på 1/1250 sekund, i grenseland for å få skarpe nok bilder. Så var det og fleire som var meir uskarpe enn nødvendig.

Medan eg fotograferte den første havørna etter den hadde plukka opp fisken, så kom det brått ei merka ungørn til inn i søkaren. Den var på jakt etter den same fisken. Det vart difor ein kamp og luftdans mellom dei to. I første omgang avverga den første angrepet og flaug lenger inn mot land. Der vart den tatt igjen av den andre, og ny kamp om fisken utspant seg. I tumultane mista den første havørna fisken, som datt ned i sjøen. Den eine havørna gjekk etter og prøvde å fiske den opp, men etter det eg kunne sjå av bildene, så var sannsynlegvis fisken søkt.

Det vart fleire kast til havørnungane, og ein god første test for det nye kamerahuset mitt, Olympus OM-1. Det har ein kraftig oppgradert følgefokus for blant anna fugl. Det hadde også min “gamle” Olympus OM-D E-M1X, men OM-1 har forbetra følgefokusen radikalt. Motivgjenkjenninga er nesten momentant, og kameraet klarer å følgje fuglen gjennom svevet. Utfordringa er mest for fotografen å kunne halde følgje med ørna når den knekker ned og går i raskt stup. Med 300 mm brennvidde er det ein øvingssak når motivet er maksimalt nærme. 300 mm i Micro Four Thirds-standarden tilsvarer brennvidde 600 mm på såkalla fullformat.

Nedanfor er nokre fotoutdrag frå dagen.

Oppdatert blogg 06.04.2024: Den merka havørna har eg no fått data frå frå Norsk ringmerkingssentral ved Stavanger museum. Denne ørna er ei ho, merka i Tysvær juni 2021. Den vart sist registrert på Karmøy i januar 2024. Det var to ungar i dette reiret, og eg reknar med at begge da vart merka. Det er difor ikkje eit søskenpar som var i aksjon her.

Etter første luftkampen om lyren, flaug dei nærare land for runde to, sjå fotokarusellen nedanfor.

Forrige
Forrige

Fuglekongen

Neste
Neste

Fototur til Svalbard med BioFoto Hordaland