Fototur til Svalbard med BioFoto Hordaland

28. juni til 3. juli var eg med BioFoto Hordaland til Svalbard. Vi var 12 naturfotografar som hadde seks flotte og innhaldsrike fotodagar i Longyearbyen og omegn. Turen var solid leia av Anders Lundberg, og elles ein veldig sosial og kjekk gruppa å bli kjent med og vere i lag med. Vi kom oss rundt med to leigebilar, der eg var sjåfør for den eine. Det er mykje å skrive om frå turen, men lar Olympus`en fortelje historia visuelt. Hovudpunkta er både frå sjøve flyturen i tida med potensiell SAS-streik hengande over oss og dei ulike fotolokasjonane. Personleg var det ekstra fint å kome tilbake til Svalbard etter siste besøk for 25 år sidan og 45 år sidan første gangen i 1977. I 1977 var eg 13 år gamal og skjønar no at åra går.

Rundt Longyearbyen var fotolokasjonene knytt til sjølve Longyeardalen, diverse plassar i Adventdalen, Lagunen ved flyplassen og vegen og inngangen til Bjørndalen. I tillegg vart det to båtturar. Den første til Borebreen på nordsida av Isfjorden med landskapsfoto av ein flott brefront, samt kvalross, fuglar og ein vågekval midtfjords på veg tilbake. Ein speglblank Isfjorden var ei flott oppleving. Fredagen vart det dagstur til Pyramiden med guiding i eit fascinerande nedlagt russisk gruvesamfunn. Båtturen vart litt amputert da båten vår fekk maskinproblem og vi måtte gå over til ein annan turistbåt. Vi gjekk dermed glipp av nærmøte med den mektige Nordensjöldbreen. Likevel ein fin tur med mykje fugleliv, landskap og eit tre kvalross undervegs. Låge tåkeskyer gjorde landskapsfotograferinga spennande og.

Nedanfor er nokre utvalde foto frå turen.

Fotoutstyr i bruk var hovudsakleg Olympus OM-D E-M1X og 300mm f/4 Pro. I tillegg Olympus OM-D E-M1 II og 12-100mm f/4 Pro som kamera nr to hovudsakleg til landskapsfoto. Hadde i tillegg med 40-150mm f/2,8 Pro, som vart relativt lite brukt, samt den nye 8-25mm f/4 Pro.

Forrige
Forrige

Havørnungar i oktober med kamp om fisken

Neste
Neste

Solnedgang i august