Havørnmøte i november

Det gjeld å utnytte dei fine soldagane når hausten mørknar på. Laurdagen midt i november vart ein slik dag med skyfri himmel og blikkstille fjord. Vi salte difor båten med fotoutstyr, kaffe på termosen, mat, varme klè (det var minus 1 på morgonen) og forhåpningar om havørnlykke. Første del av turen går alltid i å få opp nok fisk til 3-4 kast. Det gjekk rimeleg greitt, og kursen vart satt mot våre kjære fuglevener. Stor var gleda da begge havørnene sat på og ved reiret sitt. Det er første gang vi har sett dette paret utan ungar i reiret, så veldig positivt at dei ser ut til å halde seg ved reirplassen.

Nedanfor følgjer nokre fotoglimt frå dagen, som varte stort sett heile dagen mens det var lyst. Låg sol på himmelen gjorde det utfordrande med eksponeringa. Det var og vanskeleg å sjå når ørna kom seilande da sola gjerne stod rett i mot. Det låge og varme lyset fekk likevel fram andre variasjonar i motivbanken. Det er eit mål å få til variasjon, sidan havørnfotografering fort kan gå i det same fotoløpet.

På det eine kastet verka det som fisken sokk litt under havoverflata. Hannen gjorde første eit forsøk, men flaug berre over og overlet til hoa å gjere neste forsøk. Ho traff godt ned i sjøen, men fekk ikkje opp fisken på første forsøk. Ho gjorde likevel ein ny sving og fekk til slutt tak i fisken. Interessant å observere at dei ikkje alltid treff.

Kanskje eit par av dei beste havørnbildene mine vart tatt denne dagen?

Alle foto tatt med Olympus OM-1 og m.Zuiko 300mm f/4 Pro.

Første overflyging av hannen, ser ikkje fisken på overflata.

Ingen fisk!

Ingen fisk på forsøk nr 2.

På tredje forsøk fekk havørnparet fisken opp av sjøen.

Forrige
Forrige

Havørn og fjøreplytt i desember

Neste
Neste

Fleire havørnfoto frå oktober