Havørn og fjøreplytt i desember

Søndag 4. desember skein sola igjen over Sunnhordland. Når fjorden og spelte på lag, var det berre å kaste loss og tilbringe dagen på sjøen i godt lag med båt og kamera. Olympus`en fekk igjen havørner i sikte, det same paret som var aktiv i oktober og november. Denne gong kom begge to på første kastet. Motlys med låg sol utfordra eksponeringsvala, men gir samstundes spennande lys på sjølve fuglen.

På veg til havørnlokaliteten passerte vi seks fjøreplyttar som beita i fjøresona på ei av øyane. Dei brydde seg lite om båten som strauk sakte forbi nokre få meter unna. Sist eg såg fjøreplytt var i Lagunen ved flyplassen i Longyearbyen i sommar. Trur det er første gang eg har sett dei på heimtraktene.

Alle foto er tatt med Olympus (OM System) OM-1. Som Olympus-brukar sidan 1979 er det ei nesten smertefull omstilling å skrive OM System, må nok bruke litt tid på å jobbe det inn. Objektivet er framleis m.Zuiko 300mm f/4 Pro. Denne gong prøvde eg å bruke auto ISO, men det klussar seg litt til i manuell modus. Dei to første bildene nedanfor er tatt med auto ISO, men i kraftig motlys gjekk ISO heilt ned til ISO 80, som ikkje er tilrådd for OM-1 i det heile tatt. Likevel gjekk det å lysne fuglen i Lightroom, om enn ikkje optimalt.

Fjøreplytt

Fjøreplytt

Fjøreplytt

Fjøreplytt

Fjøreplytt

Forrige
Forrige

Vinterlandskap i Trysil

Neste
Neste

Havørnmøte i november