Vinterlandskap i Trysil

Som vestlending var det fint å kome tilbake til Trysil for andre gong, denne gong i vinterlandskap. Første helga i januar kan by på ymse vèr, og denne helga var prega av mykje snøfall, ein del vind, temperaturvariasjon frå minus 11 til minus 1 grad - og tåke! Tåke er landskapsfotografens beste ven, og denne kom som bestilt på den dagen eg kunne køyre litt avgarde med leigevolvoen og utforske området aust for Innbygda. Ved eit par frosne vatn langs vegen fann eg mitt fotoeldorado med merkbare tendensar til lykkekjensle der eg stod langs vegkanten med Olympus`en i minus seks grader. Trysil er langt frå Stord, og det blir for meg difor litt eksotiske bilete å ha med heim på minnekortet.

Fototeknisk reiste eg lett med OM-1, 12-40mm f/2,8 Pro og 12-100mm f/4 Pro. Det siste er eit fantastisk objektiv på reise, og perfekt til landskapsfotografering der ein får både ein rimeleg bra vidvinkel og ein god tele for å kunne plukke detaljar lenger vekke. I tillegg er det knallskarpt, så igjen ein stor takk til Olympus-ingeniørane som verkeleg kan dette med optikk. Alle foto tatt handhaldt.

Olympus OM-1, m.Zuiko 12-100mm f/4 Pro. 1/320s, f/5, ISO 400

Olympus OM-1, m.Zuiko 12-100mm f/4 Pro. 1/200s, f/6,3, ISO 400

Olympus OM-1, m.Zuiko 12-100mm f/4 Pro. 1/200s, f/6,3, ISO 400

Olympus OM-1, m.Zuiko 12-100mm f/4 Pro. 1/200s, f/6,3, ISO 400

Olympus OM-1, m.Zuiko 12-100mm f/4 Pro. 1/100s, f/7,1, ISO 400

Olympus OM-1, m.Zuiko 12-100mm f/4 Pro. 1/100s, f/7,1, ISO 400

Det var skikkeleg kaldt i Trysil. Olympus OM-1, m.Zuiko 12-100mm f/4 Pro. 1/125s, f/6,3, ISO 400

Forrige
Forrige

Nordlyset er tilbake!

Neste
Neste

Havørn og fjøreplytt i desember