Havørnbonanza - ny kasterekord for havørnene
Det vart til saman 15 kast på to havørnlokasjonar denne første søndagen i juni. Det første paret samarbeidde ved at det stort sett var den eine, sannsynlegvis hannen, som hadde jobben med å hente opp fem fiskar av ulikt slag.
På veg til ein ny lokasjon lenger vekke vart det fiskestopp i nærleiken av vårt sårt sakna havørnpar. Der var likevel fiskelukka stor, og åtte fine paler i perfekt storleik hamna i fiskekassa. Dei skulle vise seg å vere gull verdt for ei havørn, Ottar, som i skytteltrafikk henta 10 fiskar! Da vi var tom, følgde Ottar etter oss langs land før den forstod at vi var på veg heimover. Mellom kvar fiskehenting gjekk det ikkje meir enn to minutt før han landa i næraste furutopp, meir enn klar for neste fisk. Det reiret har lagra mat for mange dagar! Ei slik ivrig og nærgåande havørn har vi ikkje opplevd før. Den var i lufta før fisken landa, og vi måtte kjapt bytte frå 300mm til telezoomen 40-150mm, da vi ikkje fekk båten langt nok vekk før havørna sette klørne i fisken. Det var skikkeleg havørnbonanza, og igjen ei ny og morosam naturoppleving i lag med våre vener havørnene.
Det vart tatt alvorleg mange bilete denne dagen, nedanfor er nokre smakebitar.
Alle foto med Olympus/OM System OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro, MC-14 og 40-150mm f/2,8 Pro.
Perfekt låg glideflukt med blikket festa mot fiskemålet.
Noko må ut att og!
Ser litt muggen ut, kanskje?
Så vart det ei flott fotoserie med motlys og grønfarga sjø.
Dette bildet fekk 4800 likerklikk på facebookgruppa Birds of Prey.
Ottar hentar 10 fiskar på rappen!
Ottar var svært ivrig etter å hente fiskar til ungen i reiret denne dagen. Trass relativt grov sjø fekk han opp alle.
Dette er originalt utsnitt med 300mm, og eg måtte bytte til 40-150mm f/2,8 for å kunne zoom ut på Ottar når han kom i full fart. Her bommar han faktisk på fisken, men det er eit unntak for ein eminent fiskar som han er.
Ottar landar i næraste furutopp og viser seg klar for meir fisk. Det gjekk maks to minutt mellom kvar gong han henta fisk, leverte i reiret og kom tilbake. Ei flott og intens naturoppleving!
Her tar han ein liten pause på bakken.
Kråka var plagsom igjen, og ved eitt høve bråsnudde Ottar 90 grader i flukt for å jage vekk kråka.
Veldig tydeleg kroppsspråk av Ottar. Framoverlent og veldig klar til neste fiskekast frå båten. Ein fantastisk fugl dette!
Veldig fornøgd med dette motlysbildet. Så er det også seld til kunde.