Langhelg, fiske og havørn

Langhelg, fiske og havørn

Med ei langhelg som starta med 17. mai på ein onsdag, Kristi Himmelfartsdag på torsdag og grodagen på fredag, vart det gode vindu for å ta seg ein ny runde havørnsafari, denne gong med utgangspunkt i hytta. Eg fekk satt av det meste av fredagen, og fekk fiska opp ein god del ørnemat i fiskestampen.

Denne gongen var det veldig tydeleg at båten vart gjenkjent av havørna. Den letta nesten med ein gong eg kom til syne, og flaug bort på den vanlege utkikksposten. Eg kasta først ut ein litt større sei, ca 2 kg. Ingen reaksjon, berre sat og venta. Eg klødde meg i hodet. Kvifor ikkje ta fisken når den klart viser interesse for å hente fisk? Eg henta opp att seien, og tenkte at den kanskje var for stor. Den teorien stemte, for ørna kom på dei fire neste kasta med mindre fisk. To av dei tok måsen, men ørna fòr etter dei og tvang måsen til å gulpe opp at fangsten. Alle desse fire vart frakta opp til reiret. Til slutt heiv eg ut ein like stor lyr som den første seien. Med interesse frå fiskemåser og svartbak kom ørna og henta den og, og fekk løfta den opp på næraste svaberg til eige måltid. Den første eg heiv var nok for stor for å frakte direkte opp til reiret, og den kloke ørna venta difor på mindre fisk som ungen kunne få med ein gong.

Alle foto tatt med Olympus/OM System OM-1, m.Zuiko 300mm f/4,0 Pro

Klikk på kvart foto for å forstørre på skjermen.

Linselus!

Full fart for å få måsen til å gulpe opp fisken!

Haleheng!

Alltid like imponert over timinga til havørna.

Forrige
Forrige

Havørnbonanza - ny kasterekord for havørnene

Neste
Neste

Stjertand og andre fuglar i Sævarhagsvikjo