Stjertand og andre fuglar i Sævarhagsvikjo

Stjertand i sævarhagsvikjo

3. mai tikka det inn melding frå Tor Helge Heggland om observasjon av stjertand i Sævarhagsvikjo. Eg har vore lite i Sævarhagsvikjo i år, men her var det berre å pakke fotosekken og kome seg avgarde. Stjertanda låg og kvilte ytterst i langfjøra, men letta på hovudet eit par gonger. Eg tok og turen dei to påfølgjande dagane, og fekk sjå den begge dagar. Stjertand er berre observert ein gong tidlegare på Stord, i 2016. Dette var første observasjon i Sævarhagsvikjo.

Det vart og nokre andre foto av raudstilk, grågjess med ungar, steinskvett (såg tre stk), tjeld og vipe.

Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro + pluss telekonverter MC-14). Det gir 840 mm handhaldt i fullformat-terminologi.

Klikk på foto for å forstørre.

Forrige
Forrige

Langhelg, fiske og havørn

Neste
Neste

Søndag i mai med havørn og litt ravn