Søndag i mai med havørn og litt ravn

Søndag i mai med havørn og litt ravn

Ny søndag i mai med sol og fine forhold for havørnsafari, med innlagt ravnestopp. Denne gongen var fiskeboksen lasta med ei blanding av medbrakte frysevarer og fersk fisk. Vårt etter kvart trufaste havørnpar i år skulle vise seg å vere veldig interessert i serveringa. Havørnparet veksla på å hente fisk, anten til seg sjølv, eller til reiret. At fisk vart frakta til reiret denne gong er eit sikkert teikn på at det er ein eller fleire ungar som er klekt ut. Ein periode venta den eine ørna tålmodig i ein furutopp (den dukka plutseleg opp der), medan vi prøvde å få opp meir fisk. Da vi køyrde bort til den klare til å hive fisken ut, var den meir enn klar. To gonger var den i lufta nesten før fisken hadde landa i sjøen. Vi rakk difor nesten ikkje å få nok avstand med teleobjektivet før ørna var nede og henta opp fisk. Ny og artig oppleving. Med unge(r) i reiret vart det tilsaman seks kast denne gongen. På det sjuande var tydelegvis magene metta og vi kunne berre plukke lyren opp att og setje kursen mot båthamna att.

Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro.

Klikk på foto for å opne i nytt vindu.

Forrige
Forrige

Stjertand og andre fuglar i Sævarhagsvikjo

Neste
Neste

Havørnsafari i midten av april