Havørnsafari i midten av april

Havørnsafari i midten av april

April har vore rimeleg raus med godt vèr og mykje sol. Søndag 16. april var det difor dags for ein lang dag på sjøen, i strålande sol og stille sjø. Det skulle gå nesten sju timar før båten la til kai igjen på ettermiddagen. Dagens fangst var noko variert. Vårt yndlingspar frå i fjor ser ikkje ut til å hekke på same plassen i år. Det er ein stor nedtur. På plussida er det at det andre paret er i full gang med hekkinga. Frå båten kan vi sjå at ørna ligg på reiret, det har dei gjort dei ca siste 14 dagane. Det blir difor spennande å sjå kor mange ungar som kjem fram i år. I fjor registrerte vi ein unge. Vi låg ei stund på god avstand for ikkje å forstyrre. Ein teori vart tenkt ut at ho kanskje var sulten nok til å ville hente fisk frå oss. Med rimeleg bra temperatur i lufta, jr sol frå skyfri himmel, så kunne det vere at ho ville vurdere det slik at ho kunne vere vekke frå reiret nokre minutt. Teorien stemte bra, og ho kom og henta fisk to gonger på rappen. Begge gongane flaug ho inn på land for å ete, litt ovafor svaberget. I 13-tida kom maken til syne, etter å ha vore mange timar vekke. Vi heiv da og ut ein fisk, men den var ikkje interessert i tilbodet. Ikkje om vi prøvde tre gonger ville den kome frå furutoppen den vagla seg i. Kursen vart difor sett til reirplass nr tre, men her var det ingen reaksjon på kasting av fisk. Sannsynlegvis låg det ein på reir, medan maken var ute ein annan plass.

Det var litt betre fiske denne gongen. Underteikna var den som i starten drog opp 5-6 fiskar av ulikt slag. Litt pussig at det av og til blir sånn fordelt når vi nesten har identisk fiskeutstyr på den same båten. På den eine fiskeplassen (vi har i alle fall tre-fire plassar, for utan fisk, inga ørn), så kom det fram at vi låg rett i nærleiken av eit ravnereir. Begge ravnane viste seg, og godtok tilsynelatande at vi låg der og fiska. Artig å kunne observere ravn så nærme, så der skal vi prøve å følgje opp utover våren.

Igjen er alle foto tatt med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 - Klikk på bilde for å forstørre!

Forrige
Forrige

Søndag i mai med havørn og litt ravn

Neste
Neste

Spekkhoggarar i fjorden