Spekkhoggarar i fjorden

Spekkhoggarar i fjorden

Palmesøndag 2. april var vi ein gjeng i båten og fiska ved Svollandsneset fyr, ikkje langt frå hytta på Utbjoa. Brått dukka det opp langs land noko eg først trudde var niser, eit nokså vanleg syn på fjorden. Eg treiv kikkerten for å sjå nærare på dei, og såg da den kvite flekken som kjenneteiknar spekkhoggaren. Fisketuren vart omgåande omgjort til spekkhoggarsafari, og vi følgde spekkhoggarane - ein vaksen og to kalvar - eit stykke innover Ålfjorden. Dei dukka opp innimellom, og vi heldt oss på god avstand. Heldigvis hadde eg med full kamerabag, og 300 mm kom til god nytte igjen. 

Det er første gang eg har sett spekkhoggarar, sjølv om det ikkje er eit uvanleg syn i fjordande på våre kantar og. Etter å ha lagt ut nokre bilder på Instagram, vart eg kontakta av Olve Ersland, ein lokal representant for Norwegian Orca Survey (https://www.norwegianorcasurvey.no/), ein frivilleg organisasjon som driv registrerings- og forskingsarbeid på spekkhoggarar i Norge, med data frå ca 1984. Med utgangspunkt i mine foto kunne det slåast fast at desse spekkhoggarane tilhøyrer ein flokk på 9 individ, fem hoer og fire kalvar. Så kom det fram at flokken har fått ein ny kalv. Det første bildet nedanfor er det første bildet som visstnok er tatt av den. Artig!

Lærte og at dei kan vere fleire kilometer vekke frå einannan, og at dei mest sannsynleg dreg nordover langs kysten i månadsskiftet mai-juni. Det er alltid kjekt å lære noko nytt om naturen vår, og ikkje minst var det stor stas å ha fått det første møtet med desse mektige dyra. 

Alle foto: Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4. 1/1250s, f/4, ISO 400

Forrige
Forrige

Havørnsafari i midten av april

Neste
Neste

Svartbaken nappar fjøra av havørna