Svartbaken nappar fjøra av havørna

Svartbaken nappar fjøra av havørna

På veg med båten til påskeferie tok eg ein mellomstopp ved eitt av havørnpara eg følgjer med på. Det var meldt frisk austavind i fjorden, men vinden viste seg å vere nokre timar forsinka. Med roleg fjord la eg derfor inn eit havørnstopp før overfarten. 

Etter ei stund fekk eg fiska opp eit par paler, men inga havørn var i sikte. Kraftig motsol gjorde det vanskeleg å sjå detaljar på land i retning reirplassen. Den første palen vart kasta ut, med baugen mot vinden for å få ørna forfra. Brått kom ho i sig frå land, ein del tidlegare enn eg hadde rekna med. Var med ein gong usikker på om eg hadde for kort avstand for 300 mm m43 (600mm FF), men det gjekk greitt å følgje ho gjennom svevet og opphenting av fisken. Så svinga ho gradvis mot venstre og mot båten. Eg trykka framleis på med 25 b/s, da det ofte kan oppstå interessante aktivitetar, f.eks. at måsar og anna fugl kjem etter og yppar til kamp om maten.

Denne gongen såg eg såvidt i søkaren at ein svartbak kom bakfrå og følgde havørna. Litt sjø og rulling med båten gjorde det som vanleg vanskeleg å halde fuglane i søkarbildet, men fleire av bildene kom utruleg nok akkurat innafor søkarrammen. Litt flaks skal ein ha når ein fotograferer frå ein gyngande båt. 

Eg såg kjapt gjennom serien på skjermen bak på kameraet, og såg at svartbaken hadde noko i nebbet. Men, det var først da bildene kom på større skjerm eg såg kva eg hadde fått festa på brikka. Svartbaken har borra nebbet ned i skulderpartiet til ørna og nappa ut ei fjør! Så sig ho litt framom for liksom å vise kva ho har gjort.

Gjennom det siste året har eg tatt mange tusen havørnfoto, og som oftast blir det mykje dei same bildeseriane som går igjen. Derfor er det ekstra tilfredstillande når noko utafor «normalen» skjer, slik som i dette tilfellet. Den første var på min første ordentlege havørntur 1. mai i fjor. Den historia kan du lese om her.

Teknisk opptaksinformasjon: Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4. 1/2000s, f/4, ISO 500. Alle foto er tatt med 25 b/s, med autofokus mellom kvart bilde.

Svartbaken kjem til syne i søkaren (utsnitt).

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4. 1/2000s, f/4, ISO 500

Svartbaken flyg innover ryggen og avslører intensjonen sin (originalt utsnitt).

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4. 1/2000s, f/4, ISO 500

Nebbet nærmar seg målet (originalt utsnitt)

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4. 1/2000s, f/4, ISO 500

Nebbet borer seg godt inn i skulderpartiet til havørna (originalt utsnitt).

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4. 1/2000s, f/4, ISO 500

Ei lang fjør er nappa ut og svartbaken må balansere farten (originalt utsnitt).

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4. 1/2000s, f/4, ISO 500

Utsnitt av bildet over.

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4. 1/2000s, f/4, ISO 500

Svartbaken nesten triumferande viser havørna kva den har gjort (originalt utsnitt).

Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4. 1/2000s, f/4, ISO 500

Forrige
Forrige

Spekkhoggarar i fjorden

Neste
Neste

Havørnsafari ein fredag i mars