Havørnsafari ein fredag i mars

Havørnsafari ein fredag i mars

Fredag etter jobb er eit godt tidspunkt for å ta seg ein fototur, anten det er på land eller sjø. Havørn står framleis fremst i fotopanna, og med eit ope vèrvindu vart det å samle fotoutstyret og kome seg ut i båten så fort som råd. Ettermiddagane er og lysare no med solnedgang rundt kl 1900, og opnar opp for ettermiddagsturar. Denne fredagen stemte heller ikkje vèrmeldinga, som meldte regn der det var opplett og tendens til ei sol som ville gjennom skydekket. Det vart difor ein spontan tur da resten av helga går med til volleyballkampar i Randaberghallen med semifinalekampar mellom Randaberg og TIF Viking. Sjå gjerne facebooksida mi for foto-oppdateringar frå dei kampane.

Det vart fiska opp til fire-fem kast, ei blanding av raudtorsk, sei og lyr. Havørnparet vi fekk kontakt med denne gong var ikkje interessert i den første store seien. Den flaug berre over og sette seg i eit tre på motsett side av reiret. Pussig, sidan seien absolutt ikkje var for stor, eigentleg heilt perfekt. Det neste kastet var med ein mindre raudtorsk, som ikkje resulterte i noko havørninteresse. Igjen litt pussig. Både seien og torsken sokk før vi rakk å hente dei opp att. Vi prøvde å fiske litt til, og fekk opp ein fin lyr. Denne vart det full klaff med, og det som sannsynlegvis er hannen, heretter kalla Majesteten, henta den opp til maken i reiret. Der vart det mykje skriking og halsstrekking. Det vart og tydeleg at maken låg på reiret, så da ser det ut til at hekkinga er i full gang. Den siste litt større raudtorsken fall og i smak, og som Majesteten såg ut til å ta som sitt eige kveldsmåltid.

Alt i alt ei flott naturoppleving igjen. Det er noko med desse store flotte rovfuglane.

Alle foto tatt med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm. Lukkertid 1/2000, blendar f/4 og ISO variert mellom 2500, 3200 og 4000. Med kvelden sigande på, vart det naturleg nok nødvendig å gå opp i ISO, noko OM-1 taklar svært bra. Tenker å leggje ut ein meir teknisk blogg seinar om innstillingar brukt til havørnfotografering.

Forrige
Forrige

Svartbaken nappar fjøra av havørna

Neste
Neste

Havørn i februar II