Havørn i februar II

Havørn i februar

Siste laurdag i februar var det meldt tåleg bra vèr, og det vart rydda plass og tid til ny havørnsafari. Denne gong med videograf Magne Langåker ombord, med oppdrag å filme havørn til film for Geopark Sunnhordland. Havørna fekk ca eitt sekund i filmen, det seier litt om kor mykje arbeid det ligg bak slike filmar.

Det var elles kald nordavind og tildels mykje sjø ved den eine havørnlokasjonen. Det første paret var og litt tilbakehaldne og nøyde seg med 2-3 fiskar før dei sette seg i tretoppen og viste inga teikn til å hente meir gratis mat. Det vart likevel bra fotofangst. Særleg fint synes eg det blir med motlys no når sola framleis står lågt på himmelen.

Alle foto er tatt med Olympus/OM System OM-1 og m.Zuiko 300mm f/4 og stort sett 1/2000s, f/4 og ISO 800.

Ser fram til månadene som ligg foran - her blir mykje gøy havørnfotografering!

Forrige
Forrige

Havørnsafari ein fredag i mars

Neste
Neste

Nordlys styrke sterkt på Stord